Stig Ulv hadde plateslepp med sitt siste album «Akustikar» i Ivar Aasen-tunet fredag. Dette er hans fjerde studioalbum, med instrumentallåtar. Det har vorte 40 låtar. Dei siste ti presenterte han fredag. Han har funne si eiga greie. Og han har vorte tøffare. Frå dei trygge og heilt reine gitartonane på dei første albuma, til å no tore å utfordre seg sjølv med meir rytme, meir jazz, innslag av blues, og med banjo på eine låta. Det unike med ulven, i tillegg til musikken, er at han spelar utan notar. Låtane ligg lagra i hovudet hans, og banar seg veg ut i fingrane og ned til gitarstrengane. Stig Ulv er musikken. Han spelar med heile seg. No ventar turnelivet. Det er mange som vil ha ein smakebit. Han hadde ein hårete draum om å nå ut med musikken sin. Den har han nådd. No vil han ha nye utfordringar.

– Eg er ikkje ferdig med musikken. Men eg vil gjere noko nytt. Neste gong de ser meg dukkar eg kanskje opp med eit band. Det er mitt neste mål. Eg er ferdig med å vere aleine - for no, helsa Stig Ulv til publikum.