Det er styret i Mørenett som skal avgjere saka om Mørenett skal ha base i Dragsund eller i Tussatun. Saka skulle etter planen opp i styret i slutten av denne månaden, men no er saka utsett, kanskje til over sommaren, vurderer nestleiar i styret, Elling Dybdal.

I vedtaket som vart fremja av Ørsta og Volda kommunar, storeigarane som utgjer fleirtalet i Tussa, heiter det at konsekvensane for Tussa-konsernet no skal utgreiast i samband med samlokalisering.

– Når konsekvensane er klare, må ein vurdere avgjerdsprosessen, seier Dybdal.

Resultatet av konsekvensutgreiinga vil vere avgjerande for om saka kjem opp til ny handsaming i Tussa si generalforsamling.

Uansett er det altså Mørenett sitt styre som skal avgjere saka endeleg.

– Mørenett sine Tussa-representantar i Mørenett-styret må halde seg lojalt til generalforsamlinga sitt vedtak. Og det er vanleg at det vert konsensus i styret om sakene, seier Dybdal utan at han vil spå utfallet.