– I minst 20 år har mange sjukehus levd med eit nedleggingsspøkelse hengande over seg. Den uroa har regjeringa fjerna gjennom Nasjonal helse- og sykehusplan. No er sjukehuskartet for framtida teikna, med 51 store og mindre sjukehus spreidd over hele landet, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

I fjor behandla Stortinget Nasjonal helse- og sjukehusplan. Det er første gongen Stortinget behandlar ein nasjonal plan for utviklinga av sjukehusa. Det er brei politisk semje om at Noreg framleis skal ha både store og små sjukehus med akuttfunksjonar.

Som oppfølging av Nasjonal helse- og sykehusplan skal alle helseføretak utarbeide utviklingsplanar. Dei regionale helseføretaka har no styrebehandla sakene om akuttfunksjonar. Sakene vart lagt fram i helse- og omsorgsministerens føretaksmøte 24. april.

Der vart tilrådinga frå mellom anna styret i Helse Midt-Noreg vedteken, og akutsjukehuset i Volda er stadfesta.