Premien er fordelt på 72 mill. kroner i landbasert forsikring på 91 mill. kr på sjø. Det skriv selskapet i ei pressemelding i etterkant av generalforsamlinga i selskapet, som vart halden 19. april.

Rekneskapen for 2016 viser eit overskot på 14 mill. kroner etter skatt. Dette vart vedteke overført til eigenkapitalen, som no er på 346,9 millionar kroner.

Gunnar Stein Hareide vart attvalt som styreleiar i sleskapet. Han har brei erfaring frå næringslivet og er i dag adm.dir. i Tafjord Marked AS. Solveig Strand tok attval som nestleiar i styret. Ho er dagleg leiar i Strand fiskeriselskap AS.

Ingvild Vartdal kom inn som nytt styremedlem etter Bente Reklev. Vartdal er advokat og partnar i Adviso AS og styreleiar i Vartdal Plast. Ho har brei styreerfaring og har tidlegare vore styremedlem i Sparebanken Møre.