Ørsta er største eigar i Tussa med 34.83 prosent av aksjane, medan Volda eig 15.96 prosent i selskapet. Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein og Hareid kommunar utgjer 40 prosent av aksjane medan Ørsta og Volda samla har 60 prosent. Dermed fall framlegget frå Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr om at generalforsamlinga i Tussa skal ha tillit til at styret i Mørenett handsamar organiseringa av Mørenett på ein god måte, og at styret vert bede om å greie ut framtidig lokalisering av Tussa 24 for å oppnå eit funksjonelt skilje til Mørenett.

Ørsta og Volda kommunar røysta imot dette, og samla altså fleirtal for sitt eige framlegg der vert det synt til aksjonæravtalen for Mørenett der det vert slått fast at Mørenett sitt hovudkontor skal vere lokalisert i Ørsta.

I vedtaket heiter det m.a. at det av omsyn til selskapa sine strategiske interesser, føreset generalforsamlinga at vilkåra i aksjonæravtalen vert haldne oppe.

KLP, som eig nær 15 prosent i Tussa, røysta blankt i saka fordi dei ikkje ville ta parti i saka.

Hardt ut

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr var, ikkje overraskande, den som gjekk hardast ut mot Ørsta og Volda kommunar. Goksøyr var svært skuffa etter vedtaket og varslar no dårlegare samarbeidsklima til Ørsta og Volda kommunar.

– Det Ørsta og Volda har gjort er ikkje noko smart signal å sende. I denne saka handlar det om politikk, og storeigarane har brukt makta si. Ørsta og Volda viser no mistillit til styret i Mørenett. Eg har som ordførar i Herøy støtta ei rekkje saker for Ørsta og Volda som sjukehuset, høgskulen, flyplassen og Mork Rehabiliteringssenter. Sist ut var å få bevare lånekassa i Ørsta. Og vi i ytre spring såleis ærend for Ørsta og Volda. Men når det handlar om saker motsett veg, så er vi berre ein minoritet, sukkar Goksøyr.

Han meiner vedtaket som er gjort er umusikalsk, og at vedtaket kan vere uheldig for framtidig samarbeid, t.d. i høve felles legevakt for kommunane.

Goksøyr meiner at saka om samlokalisering ikkje er ei sak for generalforsamlinga i Tussa då Mørenett er eit juridisk sjølvstendig selskap.

– Den einaste grunken til at vi bør diskutere saka er kva ein gjer med Tussa 24. Dette har verken Mørenett eller Tafjord Kraft noko med, sa Goksøyr.

På rekkje og rad argumenterte ordførarane i ytre kvifor Mørenett burde lokaliserast på Dragsund, og ikkje på Tussatun, slik ei arbeidsgruppe i Mørenett rår til.

– Vi skal respektere rapporten til Mørenett der Dragsund vert peika på beste plassen. Når det gjeld nøytralitet er Dragsund best. Det er knytt vesentleg risiko på å selje anlegget i Dragsund, sa Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.

Anders Riise, ordførar i Hareid, meinte at saka er enkel.

– Dette fordi saka er ein del av monopoldelen der vi skal gjere ting til beste for kundane. Dei må betale meirkostnaden med å framleis ha Mørenett på Tussatun. Ingen har stilt spørsmål om å lokalisere BKK i Furene, der også mange frå ytre får ny pendlarveg. Pendlarargumentet kan vi ikkje leggje vekt på.

Sande-ordførar Dag Waagen sa at det er den nye energilova som ligg til grunn for den løysinga Mørenett har kome fram til.

På grensa

– Dette må vi legge vekt på. Styret i Tussa har også sagt at dei stiller seg bak denne løysinga. Vi bevegar oss no på grensa for kva som er vår oppgåve. Tussa er eit regionalt selskap, då skal ein vere forsiktig med å fronte at selskapet er til for spesifikke kommunar. Slik er det ikkje, sa Waagen.

Også ingebrikt Berget frå Vanylven støtta kommunane i ytre sitt syn. Han syntest Ørsta var litt grådige i denne saka.

Ordførar Stein Aam svara på kritikken om å tenkje for mykje på Ørsta sine interesser med å fortelje at han har pålegg frå Ørsta-politikarane, og innspel frå Mørenett-tilsette, om å gjere det rette ut ifrå aksjonæravtalen.

– Det vil vere umogleg for meg å gjere noko anna enn det Ørsta og Volda kommunar vil, sa Aam som også frykta at det gode samarbeidet mellom kommunane no kunne verte skadd.

Volda-ordførar Jørgen Amdam peika på at gevinsten med å samlokalisere i Herøy ikkje vil vere så stor at ein kan avvike frå aksjonæravtalen.

Tapte: Ordførarane på ytre tapte kampen i saka om lokalisering av Mørenett på Søre Sunnmøre. F.v: Anders Riise (Hareid), Dag Waagen (Sande), Knut E. Engh (Ulstein) og Arnulf Goksøyr (Herøy).
Temperatur: Det vart høg temperatur på generalforsamlinga i Tussa fredag der saka om samlokalisering av Mørenett vart drøfta.