Møre og Romsdal fylkeskommune har i år tildelt ein sum på 550 000 kroner til verneverdige fartøy.

– Dette er fartøy som har stor kulturhistorisk verdi, og som fortel noko om kystfylket Møre og Romsdal. I tildelinga har vi lagt vekt på fartøy som allereie er verna eller freda, og som har godt organiserte grupper ikring seg. Vi har også prioritert tiltak som er realistisk å få gjennomført, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Ordninga er eit samarbeid med Riksantikvaren, og kvar av partane bidreg med halve tilskotssummen kvar. Av totalt seks søkarar har fire fått tilskot til istandsetting og vedlikehaldstiltak.

– Å ha veteranfartøy i drift er økonomisk krevjande, og vi håpar at midlane kjem godt med i det vidare arbeidet, seier Krogsæter.

Dei som får midlar er Bilfergen AS, Ålesund (80.000 kroner), S/B Sundbåten Rapp, Kristiansund, (120 000), M/S Brand, Molde (250.000). M/S Hindholmen, Vartdal, (100.000).