Etter at Charlotte Kvistad var ferdig utdanna som journalist ved Høgskulen i Volda jobba ho som frilansjournalist i Sunnmørsposten og hadde nokre andre frilansprosjekt.

– I slutten av november vart det siste prosjektet skrinlagt, og eg stod heilt utan jobb. Eg stod på bar bakke, utan inntekt og hadde ikkje opparbeidd meg rettar til å få stønad. Det var ekstremt krevjande å det til, men eg gav ikkje opp.

Kvistad var fast bestemt på at ho skulle finne seg jobb, og gjekk vekk frå journalistyrket.

– Eg søkte på førti jobbar på veldig kort tid, vore på fleire jobbintervju, men ikkje nådd heilt opp. I februar i år reiste eg på jobbmessa til NAV i Loen, og førebudde meg godt.

Kvistad peikte seg aktuelle jobbar som var interessante og som ho passa til, hadde med seg mange CVar som ho delte ut og ho søkte på to spesifikke jobbar.

– Eg var innom dei ulike bedriftene som var til stades og selte meg sjølv i håp om å få jobb. På tampen såg eg bemanningsbyrået Verto som eg ikkje kjende til frå før. Eg fekk levert CV-en min, og gitt beskjed om at dei måtte hugse meg ein passande jobb. Dagleg leiar Henning Karlsen i Verto sa då «ja, eg har jobb til deg, og du må kome på jobbintervju på måndag».

Jobbintervjuet var med den nystarta verksemda Nettverk Sunnmøre, og det vart full klaff for Kvistad. No er den tidlegare journalisten tilsett som sals- og kommunikasjonsmedarbeidar, og under jobbmessa til NAV Møre og Romsdal i Ørsta torsdag fortalde ho si historie til arbeidsminister Anniken Hauglie.

– Charlotte beskriv ein situasjon som ho dessverre ikkje er aleine om. I staden for å gje opp har ho teke med seg CV-en sin på ei jobbmesse, dele den ut breitt, ta kontakt med arbeidsgivarar og vise seg fram. Det var ein suksesshistorie for ho. Ho såg også utanom den bransjen som ho først hadde sett for seg at ho skulle arbeide i, og det er noko av det viktigaste du kan gjere som arbeidssøkande.

I løpet av dei timane som jobbmessa i Ørsta var open var rundt 1.200 personar innom.

– Kva slags råd vil du gje til dei er på messa ut frå dine erfaringar?

– Det viktigaste er å ikkje gje opp, sjå nye moglegheiter og løysing. Du kan gå litt på veggen og oppleve situasjonen som vanskeleg, men du må berre halde fram og prøve. Kva er det eg kan, kva er det eg vil og skape ein nye veg til seg sjølv. Til ei slik jobbmesse er det viktig å vere førebudd, smile, vere imøtekommande, vere frampå og vise at denne jobben vil eg ha, seier Kvistad.

Hauglie stod for den offisielle opninga av jobbmessa, og arbeidsministeren hadde von om at arbeidsgjevarane skulle kapre gode og motiverte medarbeidarar under messa.