Det seier forskar Christian A. Smedshaug frå Agri Analyse til Møre-Nytt.

Han var ein av innleiarane under landbrukskonferansen i Ørsta fredag. Smedshaug har gått grundig igjennom utviklinga i landbruket over heile Noreg dei siste åra, og slå fast at talet på sunnmørsbønder no har kome ned på eit nivå der nye nedleggingar berre vil føre til eit større arealtap. Kort og godt fordi at dei bøndene som er att ikkje har kapasitet til å dyrke og drifte meir jord enn dei allereie har.

– Denne utviklinga har skjedd også med to landbruksministrar frå Sunnmøre. Dei har i utgangspunktet hatt ei ideologisk tilnærming til landbrukspolitikken, og ville endre denne. Men gjennom kompromisset i landbruksmeldinga, ser vi at også dei er med på å slå fast at vi treng nokre offentlege reguleringar og støtteordningar som gjer at marknaden også vil fungere for bøndene på Sunnmøre, seier Smedshaug til Møre-Nytt.

Bakteppe

Han teikna eit globalt bakteppe for utviklinga av landbruket. Det er at verda har stadig behov for meir matproduksjon, men at dette vert utfordra av stor gjeldsbyrde i vestleg jordbruk, det grøne skiftet, automatisering osb.

– Gud har gjeve oss i Noreg eit krevjande land å drifte, då må ha vi ha ein politikk som står i forhold til dette naturgrunnlaget. Spørsmålet er korleis vi skal gjere dette mest mogleg lønsamt, sa Smedshaug.

Han peika på at eit godt norsk jordbruk, der det vert produsert over heile landet, også vil vere ein viktig faktor når Noreg som nasjon har trugsmål mot økonomien gjennom redusert oljeproduksjon, ein mogleg byggjeboom, og ei auka innvandring som krev pengar frå velferdsstaten.

Negativ arealutvikling

– Men vi ser no at vi fleire stader i landet, som i Troms og på Sunnmøre, har ei negativ arealutvikling. I 2000 dekte Møre og Romsdal ti prosent av storfebehovet i Noreg, medan talet i 2014 var åtte prosent. I 2000 dekte Møre og Romsdal ti prosent av behovet for sau. I 2014 var det ned mot fire prosent. Skal norsk landbruk vere ein viktig faktor som medverkar til å sikre balansen i norsk økonomi, må vi endre på dette, sa Smedshaug.

For Smedshaug var det då viktig å poengtere at ein landbrukspolitikk som fører til at meir av grasproduksjonen vert overført til austlandsområdet, slik skiftet i landbrukspolitikken i 2014 førte til, vil «vanskelege» jordbruksområde med små bruk, sitje att med noko saueproduksjon.

– Og totalproduksjonen i norsk landbruk vil verte redusert. Vi må ta heile jordbruksarealet i bruk, og det gjer vi med å ha offentlege ordningar som stimulerer også dei mindre bruka, sa Smedshaug.

Han er trass alt litt optimistisk, for han meiner at kompromisset i Stortinget og landbruksmeldinga, gjev signal om ein konsensus i landbrukspolitikken som til ein viss grad vil sikre matproduksjon over heile landet.

– Og så er det å håpe at denne konsensusen vil vare nokre år, slik at vi kan konsentrere oss om andre viktige område av landbrukspolitikken, som automatiseringa, seier Smedshaug.

Einar Frogner, styremedlem i Norges Bondelag, var inne på det same under landbrukskonferansen.

– Målet må vere å sikre inntektsgrunnlaget, halde på kanaliseringspolitikken, altså at vi skal ha grasproduksjon i dei delane av landet der det ikkje kan dyrkast korn, eit sterkt tollvern, og ha med alle bruka, også dei små, på inntektsutviklinga, sa Frogner.