Raudøya: OED skal avgjere om Raudøya skal misse straumtilførsel frå land.

Raudøya: OED skal avgjere om Raudøya skal misse straumtilførsel frå land.

Står fast på fritak frå leveringsplikt

NVE står fast på at Mørenett skal få fritak frå plikta til å levere straum til Raudøya. Dermed vert saka avgjort av Olje- og energidepartementet.

Det var i byrjinga av mars at NVE sa ja til Mørenett sin søknad om å sleppe å levere straum til Raudøya. Mørenett meiner det vert for dyrt, fordi det er behov for eit nytt linenett til øya.

I etterkant av vedtaket har Ørsta kommune og grunneigarane på Raudøya klaga på dette.

I vurderinga av klagene meiner NVE at det ikkje har kome fram opplysningar som endrar saksforholdet. NVE peikar på at abonnentane er fritidseigedommar med lågt straumforbruk, og at kostnadene med å halde oppe nettilkytninga er vesentleg høgare enn forventa nettleigeinntekter frå abonnentane.

NVE meiner det heller ikkje har kome ny informasjon om bruken av øya til å skule som endrar vurderinga av om det skal vere naudsynt med straumlevering til dette føremålet.

NVE presiserer også at forhold knytt til bruk av aggregat og ureining, og Mørenett sine bidrag til omlegging til bruk av aggregat er vurdert i den tidlegare sakshandsaminga.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Hørselssentralen på plass med kontor på Volda sjukehus

– Dette er ein merkedag, sa leiar i Hørselsforeininga i Ørsta og Volda, Bjarne Øye, då han torsdag var med på å opne Hørselssentralen sitt kontor ved Volda sjukehus.

Oddvar var med på å berge kyrkja

- Eg trur denne brannen kunne vorte stor.

Ørsta kyrkje:

Ein person pågripen etter brann

Skadar på inngangspartiet og røykskadar inne i kyrkja.

Leika seg gjennom bronsealderen

– Det er mykje leik og moro her i dag, men for dei som levde i bronsealderen var nok livet ein god del hardare.

Statens vegvesen med klar melding:

– Ørstafjorden må vente på Vartdalsfjorden

– Dersom de insisterer på at Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga skal kome i den same pakken, risikerer de å utsette begge prosjekta på ubestemt tid.