– Vi må berre innsjå at Noreg har vorte eit mindre trygt land å vere i. På bakgrunn av erfaring og utdanning tek eg alltid nokre forholdsreglar når eg er i større byar, fortel Røv.

Krigsteneste

Han er tidlegare major og har hatt krigsteneste i Libanon og Afghanistan i regi av NATO og FN. Røv har fleire gonger opplevd farlege og dramatiske situasjonar, også som sivil. I Afghanistan opplevde han at bomber på 500 kilo, som den Anders Breivik brukte då han sprengde Regjeringskvartalet, gjekk av i nærleiken av han. To gonger i Israel har han vore nær bomber som small, og i London på 1990-talet gjekk ei bombe av i etasjen over i eit kjøpesenter der Røv oppheldt seg.

Opplevingane har gjort at Røv er meir merksam når han ferdast på opne plassar med mykje folk. Ikkje minst etter episodane der terroristar brukar store bilar som dei køyrer inn i folkemengder med.

– Når eg kjem til større opne plassar i byar ser eg etter plassar der det går an å kome seg unna ein terrorist og gøyme seg. Slik verdsbildet har endra seg er det faktisk viktig å vere vaken på at dramatiske ting kan skje. Eg har ein rutine der eg ser etter utvegar og portrom som kan vere i nærleiken. Dette er slett ikkje noko eg brukar mykje tid på, men eg synest det er greitt å gjere ei rask registrering og verte ferdig med det, fortel Røv.

Vanskeleg

Han erfarer at det kan vere vanskeleg å finne ut kvar eit skot kjem frå, då ein kan vere lurt av lyden av eit anslag og deretter sjølve skotet.

– Dette kan gjere at folk vert forvirra, og spring mot den som skyt i staden frå motsett veg, seier Røv.

Viss folk oppheld seg i eit lokale der det oppstår skyting, rår han til at ein prøver å finne bakvegen, og at ein unngår vindauge og dører.

Skulle ein kome over ein person som trugar med kniv, er det berre ein ting å gjere:

– Løp! Seier Røv.

Han meiner politiet i Noreg bør gå med våpen.

– Eg gjekk med våpen til ei kvar tid då eg tenestegjorde. Det var aldri noko problem. Ein kjem ikkje langt med ein elektrosjokkpistol.

Bombe: Ove Røv har fleire gonger opplevd bomber på nært hald. Her i Kabul. Foto: Roy-Arne Folkestad