Det opplyser dagleg leiar Hans Andre Sørvik til Ørsta kommune i samband forvarslinga av områdeplanen på Vartdal.

MC-Deler fryktar arbeidet med områdeplanen kan ta såpass med tid at det forseinkar byggjeplanane. Konkret ber MC-Deler om at arealet til verksemda kan verte teken ut av planområdet, eller om det er ei anna løysing som gjer at utbyggingsprosessen kan halde fram utan at det forseinkar selskapet sine planar.

– MC-Deler har dei siste åra opplevd ein sterk vekst. Sidan 2014 har vi mest dobla omsetninga vår. Veksten har medført plassproblem for oss, noko som til no er løyst ved å leige lagerareal i ei av nabobygdene. Vi er no komne til eit punkt der dette ikkje lenger går for vår del, Å ha tilhaldsstad på to forskjellige lokasjonar gir oss ineffektiv og dyr drift, samstundes som det reduserer konkurransekrafta vår, opplyser Sørvik.

Løysinga for MC-Deler er å setje opp ein isolert plasthall på eigedommen dei disponerer. I samband med varslinga av områdeplanlegginga på Vartdal, har MC-Deler fått opplyst at denne prosessen også gjelder deira areal.

– Vi helsar områdereguleringa velkomen. Tilrettelegging av bustadtomter er viktig for bygda, og for oss som arbeidsgjevarar. Dette er viktig for å skape bulyst og framtidig vekst på Vartdalsstranda, seier Sørvik.

Likevel fryktar han at planprosessen kan skape ulemper for MC-Deler.

– Vi er uroa over at ein lang og krevjande planprosess i praksis vil bandleggje arealet vårt, og dermed også planane våre for utviding og ekspansjon. Vi ber difor kommunen om å vurdere om arealet vårt kan takast ut av planområdet, eller om det kan finnast andre løysingar som gjer at vi kan halde fram prosessen med utvidingsplanane som ligg føre, seier Sørvik.

Det kan verte aktuelt for selskapet å søkje dispensasjon for å bryte ein grøntkorridor som går langs elva på nordaustleg side av tomta.

– Grøntkorridoren er teikna romsleg, og gir oss nokre utfordringar for å få plassert ein praktisk hall i rett storleik, opplyser Sørvik.

MC-Deler har ti tilsette, og omset for tretti millionar kroner. I tillegg til å vere lokal forhandlar, ekspederer verksemda kundar over heile landet med sal av reservedelar og utstyr til ymse køyrety.