Fredag føremiddag fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Ørsta. Ein personbil køyrde av vegen ved Bondalseidet. Bilføraren var aleine i bilen, og har opplyst til politiet at han skal vere uskadd. Politiet opplyser at det er slapseføre på staden.