Det viser Statens vegvesen sin statistikk over dei to største ferjestrekningane i Ørsta og Volda

På E39-sambandet Festøya-Solavågen reiste det 654.499 køyretøy i 2016, mot 637.242 i 2015 og 621.044 i 2014. Sambandet har med andre ord hatt ein relativt jamn trafikkvekst dei siste åra.

Det reiste 1.270.591 passasjerar på sambandet i 2016, inkludert førarar. Dette talet er ikkje samanliknbart med tidlegare år, fordi Statens vegvesen startar med å ta med førarar i 2016.

1.359 køyretøy måtte stå att på Festøya-Solavågen i 2016. Det er ein relativt kraftig auke frå 2015, då 890 køyretøy måtte stå att. I 2014 var talet 1.031.

Tala for dei tre første månadene i 2017 viser at sambandet held fram trafikkauken.

Talet på køyretøy tek ikkje omsyn til storleiken på køyretøya. Lastebilar tek større plass enn personbilar. Statens vegvesen brukar talet personbileiningar (PBE) for å ta omsyn til storleiken. Det er vart nytta 1.168.769 PBE på Festøya-Solevågen i 2016.

Volda-Folkestad

På sambandet Volda-Folkestad på rv. 651 er situasjonen annleis. Her reiste det 278.202 køyretøy i 2016, ifølgje Statens vegvesen sin statistikk. Til samanlikning reiste det 282.276 i 2015 og 298.226 i 2014. Nedgangen i 2016 er med andre ord framleis tydeleg, men han er ikkje like sterk som tidlegare år.

Nedgangen på Volda-Folkestad kjem trass i at talet på turar på sambandet gjekk opp frå 2015 til 2016, frå 20.292 til 22.900. Mykje av årsaka til nedgangen er truleg at meir av trafikken vel E39 Kvivsvegen.

Talet på personbileiningar på Volda-Folkestad var 463.170 i 2016. Også her har det vore nedgang dei siste åra.

Det reiste 488.341 passasjerar med sambandet i 2016. 163 køyretøy vart ståande att på kaia. Dette er ein auke frå tidlegare år.

Volda-Lauvstad

Etter nedgang i 2015, gjorde Volda-Lauvstad-sambandet eit hopp i 2016. Det reiste 119.182 køyretøy med sambandet i 2016, mot 117.026 i 2015 og 120.195 i 2014. Talet på attståande bilar i 2016 var 159, og nesten det same som i 2015.

Sæbø-Leknes-Standal-Trandal

Ferja i indre Hjørundfjord hadde også positiv utvikling i 2016. Det reiste 34.528 køyretøy med sambandet, mot 32.993 i 2015 32.533 i 2014.

Talet på attståande bilar på sambandet har auka kraftig dei siste åra, frå 1 i 2014 til 138 i 2016. Dette har truleg samanheng med auke i turismen og opphoping av trafikk i turist-sesongen.

Festøya-Hundeidvika

Utviklinga held seg stabil for ferja i ytre Hjørundfjord. I 2016 reiste det 29.138 køyretøy med sambandet. Til samanlikning reiste det 29.077 køyretøy med ferja i 2015 og 31.293 i 2014. Det var to attståande bilar i 2016.

Det største sambandet

Kva som var det største ferjesambandet i Møre og Romsdal, kjem an på korleis vi reknar.

I reint tal på køyretøy var det Sykkylven-Magerholm, med 840.100 køyretøy. Deretter følgde Molde-Vestnes med 848.640, Hareid-Sulesund med 829.942 og Festøya-Solavågen med 654.499.

Dersom vi brukar PBE-talet, som altså tek omsyn til storleiken på køyretøya, er Molde-Vestnes størst med 1.588.861, følgt av Hareid-Sulesund (1.218.896), Sykkylven-Magerholm (1.170.625) og Festøya-Solevågen 1.168.769.

Årsaka til skilnaden er at Sykkylven-Magerholm er eit typisk pendlarsamband, med høg del personbilar.