Kampen om lokalisering av Mørenett var generalforsmalinga si store sak.  Og no varslar Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr dårlegare samarbeidsklima mellom kommunane på ytre og Volda og Ørsta etter at Ørsta som største eigar fekk med seg Volda på vedtaket, og såleis utgjorde fleirtal på generalforsamlinga.

I vedtaket vert det synt til aksjonæravtalen for Mørenett der det vert slått fast at Mørenett sitt hovudkontor skal vere lokalisert i Ørsta.

Fleire ordførarar skulda Ørsta kommune for å tenkje berre på seg sjølve, og minte om at Tussa er eit regionalt selskap for mange kommunar.

ikkje smart

– Det Ørsta og Volda har gjort er ikkje noko smart signal å sende. I denne saka handlar det om politikk, og storeigarane har brukt makta si. Ørsta og Volda viser no mistillit til styret i Mørenett. Eg har som ordførar i Herøy støtta ei rekkje saker for Ørsta og Volda som sjukehuset, høgskulen, flyplassen og Mork Rehabiliteringssenter. Sist ut var å få bevare lånekassa i Ørsta. Og vi i ytre spring såleis ærend for Ørsta og Volda. Men når det handlar om saker motsett veg, så er vi berre ein minoritet, seier Goksøyr.

Han meinte denne ska ikkje hadde noko på generalforsamlinga å gjere, og at det ville vere eit signal om mistillitt til styret i Mørenett som skal handsame saka.

Hareid-ordførar Anders Riise stilte på si side spørsmål om generalforsamnlinga i det heile hadde kompetanse til å handsame saka. Men styreleiar i Tussa, Gunnar Gjørtz, minte om at generalforsamlinga kunne handsame saka då dei har all makt og mynde.

Vidare saksgang er ei mogleg ekstra generalforsamling i Tussa etter drøftingar med Tafjord Kraft som eig Mørenett saman med Tussa.