Skårar høgt: Høgskulen i Volda skårar godt på studentundersøking.
(Foto: Arkivfoto.)

Skårar høgt: Høgskulen i Volda skårar godt på studentundersøking. Foto: Arkivfoto.

Fleire søkjer seg til Volda

Gode tal for Høgskulen i Volda etter Samordna opptak.

Medan det på landsbasis er færre som søkjar lærarutdanninga for femte til tiande klasse, er det ein klar auke i søkinga til denne utdanninga ved Høgskulen i Volda.

Det syner tala frå Samordna opptak, etter at søknadsfristen gjekk ut 15. april.

Høgskulen i Volda har ein god auke i talet på førsteprioritetssøkjarar i Samordna opptak samanlikna med fjoråret.

Samla auke

– Vi har ca 100 fleire søkjarar gjennom Samordna opptak (SO) samanlikna med i fjor, noko som svarar til ein auke på nesten 10 prosent, seier studiedirektør Gonnie Smit til høgskulen sine eigne heimesider.

 Høgskulen i Volda (HVO) får omlag halvparten av sine studentar frå Samordna opptak og resten kjem frå lokalt opptak direkte til Høgskulen. 

– Også når vi ser på tala frå SO og tala frå det lokale opptaket under eitt, har vi ein auke i førsteprioritetssøkjarar. Søking til bachelorgrader, årsstudium, vidareutdanningar, mastergradar og praktisk-pedagogisk utdanning har ein framgang samanlikna med i fjor, seier Smit.

Idrett og friluftsliv er populært

Bachelor i idrett er svært populært og har stadig fleire søkjarar. Også årsstudia i idrett og i friluftsliv opplever god søking. Dei praktiske og estetiske faga har ein liten nedgang i søkjartal samanlikna med i fjor.

Lærarutdanninga

Det har vore knytt spenning til opptaket til lærarautdanningane etter at desse mellom anna er gjort om til femårige masterløp frå hausten. På landsbasis er tendensen negativ, med færre søkjarar både til Grunnskulelærarutdanning 1-7 og til Grunnskulelærarutdanning 5-10. Trass nedgang i søkjarar nasjonalt, har HVO ein klar auke i søkinga til Grunnskulelærarutdanning 5-10.

– Dette er svært gledeleg, seier studiedirektør Smit. Grunnskulelærarutdanninga 1-7 følger dei nasjonale tendensane, samstundes er det ein klar auke i søkinga til andre skulefag ved HVO, som norsk og historie.

Det er ei stabil søking på barnhagelærarutdanning (BLU) og det nyoppretta tilbodet på deltid har god søking. Det er også ein auke til PPU-studia.

Sosialfaga

Barnevernspedagogutdanninga har ti prosent fleire søkjarar ved HVO i år samanlikna med i fjor, sjølv om utdanninga på landsbasis har ein liten nedgang. Sosionomutdanninga følger den nasjonale trenden og har ein auke i søkjarar samanlikna med fjoråret.

Mediefaga

Dei mange medieutdanningane i Volda har noko nedgang i søkartala, og dette er ein nasjonal trend. Men det er framleis vanskeleg å kome inn på journalistikkstudiet med spesialisering for tv og radio, med 100 søkjarar til ca 30 studieplassar.

– Den nye engelskspråklege masteren i Media practices har svært god søking, seier rektor Johann Roppen, – og Høgskulen i Volda vil også i framtida vere mediehøgskulen, seier han.

Opptaket til dei fleste mastergradane og vidareutdanningane er framleis ope.

– Dei fleste vil kunne finne eit interessant studium - og alle får hybel, lovar høgskulerektor Johann Roppen til Høgskulen i Volda sine heimesider.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Den nye hotelleigaren ser eit stort potensial i Hotell Ivar Aasen

– Dess meir eg har vore på Hotell Ivar Aasen, dess meir smiler eg. Dette hotellet har enormt potensial!

Cupkamp framskunda til onsdag

Volda møter neste hinder i NM allereie onsdag kveld, når Førde kjem til Voldahallen.

Kranseskål for det nye legesenteret

- Dette vert eit fantastisk bygg

Bygginga av det nye legesenteret er i rute.

Håskjold Nyland ute av landslaget

Voldingen Ørjan Håskjold Nyland er vraka frå landslaget i fotball.

Har fått første avling av økologiske grønsaker

Kål i mange variantar, bønner, erter, gulrot, fennikel og salat. Det bognar av økologiske godbitar i grønsaksåkeren til Ørsta andelsgard for tida.

No skal bloggar Marna danse for folket

Den utflytte Ørsta-bloggaren Marna Haugen Burøe har mista både matlysta og nattesøvnen etter at ho sa ja til å vere med i det populære TV-programmet «Skal vi danse».

SV møtte Utdanningsforbundet i Ørsta

Samde om lærartettleik

– Eit av våre fem hovudkrav for å støtte ei ny regjering er å få på plass ein nasjonal norm for lærartettleik som gjeld heilt ned på skulenivå.

Her er Ørsta sine håp

Hovudsponsorane spanderte søndag fest på Ørsta-spelarane som deltok på tre store cupar.