Enotek Møre er eit resultat av at Mørenett har slått si entreprenørverksemd inn i BKK Enotek.

Frå 2. mai, og gradvis utover i denne månaden, kjem 55 tilsette frå Mørenett til å ta plass i nye lokale i Furene eigd av Volda Bygg. Bygget ligg ved sidan av byggevareverksemda Koppen. I nybygget skal Enotek Møre halde til i andre høgda, medan nedste høgda skal disponerast av Volda Bygg. Fleire andre lokale vart vurdert, mellom anna Grepa-bygget på Mosflata. Men valet fall altså på Furene.

Voner

–Vi har store voner til den nye avdelinga på Søre Sunnmøre. Frå Mørenett får vi svært dyktige fagfolk og ressursar, tilsette med lang og god erfaring, og solid kompetanse i ein bransje med utfordringar. I starten vert det ein periode med opplæring, seier Ketil Tømmernes, dagleg leiar i BKK Enotek, til Møre-Nytt.

Ved å fusjonere, og byggje opp ein ny divisjon i Volda og Ørsta, meiner Tømmernes dei vil få eit sterkare og meir solid entreprenørselskap som skal gi auka vekst og verdiskaping i ei viktig næring på Vestlandet.

Tømmernes ventar stor aktivitet i det nye selskapet der det handlar om feltarbeid for dei tilsette.

– Det er eit enormt stort utbyggings og oppgraderingsbehov innan straumnettet og samferdsel. Og situasjonen i marknaden er god. Vi har gode ordrereservar, fortel Tømmernes. Han legg til at dei også skal etablere ei avdeling i Spjelkavik.

Divisjonssjef

På avdelinga i Furene er voldingen Leif Reidar Røv tilsett som divisjonssjef. 51-åringen kjem frå jobben som direktør for forretningsutvikling i selskapet AAK der Røv har jobba med å utvikle og kommersialisere nye forretningsområde, konsept, og metodar eksternt og internt i selskapet retta mot olje, gass, vasskraft og vindenergiproduksjon.

Røv dreiv i sine unge dagar med volleyball og var på juniorlandslaget.

Han har også drive med gaiding og vore kursinstruktør i fjell og på isbre. Elles har han mange år bak seg i Forsvaret og han har vore kommunestyrerepresentant for Volda Kommune.

Sjef: Leif Reidar Røv (51) er tilsett som divisjonssjef i Enotek Møre. Foto: Roy-Arne Folkestad