Det sa seniorrådgjevar Per Aage Bjørke i NAV Møre og Romsdal. Rundt 1.000 jobbsøkarar vart invitert til jobbmessa i Ørsta. I tillegg samarbeider NAV Møre og Romsdal med NAV Sogn og Fjordane.

– Eg ser ikkje vekk frå at det er 1.200 menneske gjennom dørene i dag.

Ein del av dei som la turen innom jobbmessa har tidlegare hatt jobb i oljebransjen og verftsindustrien, i tillegg til ungdomar på jakt etter jobb.

– Her lærar dei seg å ta kontakt med arbeidsgjevarar og presentere seg sjølv. Alle har fått tilgang til lista over arbeidsgjevarar og kva slags stillingar dei har lyst til å tilsette i. Dermed kan dei arbeidssøkande blinke seg ut bedrifter som er interessante på førehand.

Norhus var med på jobbmessa i Ørsta for andre året på rad, og dagleg leiar Einar Holsvik meiner det er ein vinn-vinn-situasjon.

– I fjor fekk vi tak mange handverkarar, og også folk som eigentleg ikkje hadde tenkt på bygg- og anleggsbransjen.