Det seier arrangørane av landbruksmessa og landbrukskonferansen i Ørsta dei komande dagane. Landbruksmessa, eit samarbeid mellom dei fire store forhandlarane av landbruksmaskinar i regionen, startar fredag og varer til og med laurdag. Landbrukskonferansen, som vert halden fredag, er eit samarbeid mellom næringskontoret i Ørsta, Ørsta kommune og landbruksorganisasjonane.

– Vi skal vise at Ørsta er tyngdepunktet for landbruket mellom Romsdalsfjorden og Nordfjord, og vi ventar mange deltakarar på messa, fortel Ove Myklebust hos Eiksenteret, som arrangerer messa saman med Felleskjøpet, AK-Maskiner og Øye Maskin AS.

Det er tredje året på rad det vert halde landbruksmesse i Ørsta. I fjor kom kring tre tusen og vitja messa.

– Og vi håper på like mange i år, seier Brekk.

På messa presenterer verksemdene fleire nyhende, og håper på godt sal, slik det har vore tidlegare år. I tillegg til sjølve messa vert det fjordhestutstilling laurdag, det vert demonstrasjon av klauvskjering, hesteriding for born og skognæringa presenterer seg også.

– Og så set vi opp eit stort mattelt. Folk skal ikkje svelte, seier Myklebust.

Fredag vert landbrukskonferansen arrangert på Ørsta kulturhus, og temaet er Vestlandsbonden. Det er det same temaet som i fjor, men like sentralt som i år.

– Vi har eit sterkt fagleg program, som vil prege fyrste delen av konferansen. Og i den andre halvdelen vil landbrukspolitikken vere sentralt, mellom anna med deltaking frå landbruksminister Jon Georg Dale, fortel næringssjef Odd Magne Vinjevoll.

Mellom innleiarane på konferansen er Christian A. Smedshaug som legg fram den såkalla Vestlandsrapporten. Han seier mykje om tilstanden i landbruket på Vestlandet for tida.

– Det er eit faktum at det er vestlandsbonden som har tapt på jordbruksoppgjera siste åra. Difor er det viktig at dette vert sett på dagsorden, seier Karl Asgeir Sæbønes, som representerer mjølkeprodusentane.

Ordførar Stein Aam ynskjer alle velkomne til konferansen og messa.

– Dette er flotte arrangement, og viser at landbruket er eit aktivum for regionen, seier Aam. Det er mogleg å melde seg på landbrukskonferansen til og med torsdag (i dag).

Konferanse: Odd Magne Vinjevoll, Karl Asgeir Sæbønes, Odd Bjarne Bjørdal og Liv Bente Viddal håper på god deltaking og spennande debattar. Foto: Rune Sæbønes