Det seier Olianne Viddal og Endre Sætre. Dei bur i Asker, men er så ofte dei kan på barndomsgarden til Endre Sætre på Sætre inst i Hjørundfjorden. Der ynskjer dei å etablere ei reiselivssatsing som vil gje grunnlag for arbeidsplassar.

Men no er draumen i fare, meiner dei. For landbruksnemnda har kome med krav om buplikt i samband med at Endre har teke over garden, og søkt om konsesjon. Landbruksnemnda har vedteke at Sætre skal få fritak for buplikt i tre år. Etter det må han busetje seg på garden for å få konsesjonen.

Olianne og Endre har lenge arbeidd med å stelle i stand garden på Sætre. I 2002 døydde far til Endre, og drifta vart lagt ned. Det var eit ynske i familien om å satse på reiseliv, men det skulle vise seg å verte eit langt og kronglete løp.

Garden Sætre vart med på utbygginga av Vågen kraftverk. Inntektene frå kraftverket gjev eit grunnlag for å kunne satse på reiseliv. Olianne og Endre ynskjer å byggje hytter, og dette saman med eit restaurert våningshus skal gje opp mot 50 til 60 sengeplassar på sikt. Satsinga skal skje i samarbeid med Kalvatn turistsenter, som er med og driftar utleige av hus og båtar.

– Vi fann ut at skulle vi få dette til, måtte vi få laga ein reguleringsplan. Noko som vart godt motteke i kommunen, fortel Endre.

Undervegs i planarbeidet kom fyrst kravet om ei skredvurdering. Endre betalte for dette, og fekk stadfesta at berre området rundt tunet var trygt. Då dette vart stadfesta, kom eit nytt krav – frå fylkeskommunen om arkeologisk registrering. Det vart gjort tre funn, og området vart bandlagt i 2013 grunna føresegnene om automatisk freda kulturminne. Etter ein runde med Riksantikvaren i 2016, vert det utgravingar på to av dei tre funnområda til sommaren. Heldigvis for Endre, betalar Riksantikvaren for dette, elles hadde det ikkje vorte noko vidare arbeid med reiselivsplanane.

– Det beste området for utbygging er framleis bandlagt, men vi får i alle fall ei betre løysing i tunet, seier Endre.

I ei tid vart utviklingsarbeidet på garden drifta gjennom aksjeselskapet til familien som har part i kraftverket. Men eit aksjeselskap kan ikkje vere eigar av ein gard. Difor søkte Endre i fjor om konsesjon, og i vinter kom kravet om buplikt frå landbruksnemnda.

– Vi har ei kjensle av politikarane ikkje har sett seg inn i saka. For oss vil det vere uråd å kunne satse på reiseliv viss vi skal bu her. Fordi arealet er så avgrensa, vil vi bu midt blant alle turistane. I staden ynskjer vi å kunne ha avtalar med folk som driftar turistsatsinga lokalt, og å ha avtalar med folk som steller jorda. Sjølv vil vi vere her mykje uansett. Det må då vere betre med ei næringssatsing der seks-sju personar har inntekt frå garden i staden for at ingenting skjer. Det må vere betre for bygda og området, meiner Olianne og Endre.

Midt i kampen for å realisere draumen, har Olianne og Endre fått eitt positivt vedtak. Nyleg gav samfunnsutvalet i Ørsta løyve til å byggje ei flytebryggje. For ei turistsatsing ved fjorden utan båtar og båtplass, vil vere meiningslaust. Men eg kan ikkje investere når det er så usikkert med konsesjonen. Vi har tatt ansvar og tatt over garden for å satse. Det er synd om kommunen vil bruke dette som ei anledning til å stille vilkår som vil gjere satsinga vanskelegare.

– No håper eg vi kan få politikarane i Ørsta i tale. Eg har klaga på vedtaket i landbruksnemnda om buplikt. Eg ynskjer at nemnda kjem hit på synfaring, og vi vil stille opp og fortelje, seier Endre.

Sætre: Her ynskjer Olianne Viddal og Endre Sætre å satse på reiseliv. Foto: Rune Sæbønes