- Det er særleg dei mindre lufthamnene vi ønskjer å besøke på denne turen, og vi prioriterer dei lufthamnene eg ikkje har besøkt tidlegare som statsråd, seier Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Han har vore i Ørsta og Volda fleire gonger i tida si som statsråd. Han var sist i Ørsta i mai 2016, i samband med eit møte om Nasjonal Transportplan. Han besøkte også Ørsta då han køyrde heile E39 på langs i 2015.

Måndag og tysdag besøkte Solvik-Olsen alle lufthamnene i Sogn og Fjordane: Florø, Førde, Sandane og Sogndal. Onsdag og torsdag besøker han lufthamner i Nord-Noreg. Statsråden kjem heller ikkje til Ålesund lufthamn, Vigra, på denne turen.