– Vi fekk godt ver, og særleg langfredag vart ein god dag, slik han har vore siste åra for oss, fortel Frank Welle i Ørsta Skisenter.

Forholda bak i Nottane var gode, og skisenteret ved Øyvind Bjørdal laga til groper der folk kunne sitje og kvile seg mellom skiturane. Marius og Mats Riise, som driftar kafeane på Bondalseidet, improviserte også med ein mobil kiosk, slik at folk kunne kjøpe brus og pølser.

Ørsta Skisenter har ope fredag og laurdag komande helg i samband med X2-festivalen. Det vert nok dei siste opningsdagane denne sesongen.

Ørsta Røde Kors, hjelpekorps har hatt beredskap i Nottane i heile påska, og melder at det har vore få skadar.

– Vi har teke oss av tre personar som har hatt behov for behandling. Det har både vore fallskadar og sjukdom. Men i hovudsak har dette vore ei roleg påske, understrekar Børulf Lefdal i hjelpekorpset.

Sjølv om det har vore nokre dagar med sol, har ingen vorte behandla for solforbrenningar.