Andreas Moe jobba meir enn dei fleste. Ofte lange dagar som leiar for lakseslakteriet på Vartdal. 54-åringen i Hansholen har alltid likt å hjelpe andre. Ein aktiv mann som stod på frå tidleg til seint, som i mange år dreiv med handball og dykking på fritida, som stilte opp for ungane og som sjeldan var i ro.

Så skjedde det noko.

Vil ikkje

Ein måndagskveld for vel eitt år sidan: Då Andreas skal sette seg i den faste stolen i stova, ramlar han i golvet. Andreas prøver å reise seg, men kroppen vil ikkje. Han merkar at den venstre sida ikkje fungerer. Han føler seg lamma. Kona Hilde Karin Molnes (46) forstår alvoret, og ringjer 113, sjølv om Andreas meiner det ikkje er noko gale med han. Men det er alvorleg. Livet står på spel.

På Volda sjukehus konstaterer legane at Andreas har fått ei blodpropp i høgre del av hjernen. Og medan han ligg i sjukesenga får han hjernebløding. To dagar seinare vert han flogen til St. Olavs Hospital i Trondheim. Der kjempar legane ei veke for å berge livet til ørstingen. Nervepirrande dagar, og så psykisk tøft er det for Hilde Karin at ho ikkje får i seg anna enn litt havregraut.

Legane klarar det dei håpa på, og etter nær to veker går turen eit par dagar til sjukehuset i Ålesund, før eit langtidsopphald på Mork Rehabiliteringssenter.

Det går ei tid før Andreas innser alvoret, at kroppen aldri vert som før. Den venstre delen av kroppen fungerer ikkje. Handa og skuldra er lamma, medan den venstre foten er noko betre. På Mork kjem dagar med trening og trening. Andreas set seg delmål saman med dyktige fagfolk. Han har sterk vilje, og opplever framgang.

Siger

– Eg kom til Mork på båre, og kunne gå ut att på føtene ved bruk av stav. Det var ein siger, seier Andreas som ikkje kunne sitte for eiga hjelp første tida.

Alvoret slo mot han for alvor då han for første gong etter hjerneblødinga kom heim til jul i fjor, etter åtte månader. Då slo røyndomen inn. Andreas innsåg at han ikkje lenger kunne vere husets mann som ordna opp, som likte å eksperimentere på kjøkkenet og som gjorde mannfolkarbeidet i heimen. No sat han berre der i ein stol og var hjelpelaus. Hilde Karin må gjere det meste i heimen, i tillegg til deltidsjobben på Shell, og merkar godt dei nye tidene, vanane og rutinane. At meir fell på henne, at økonomien har vorte strammare og ting må prioriterast annleis. I dagar med utfordringar er familien glade dei har kvarandre. Det er ikkje alle som overlever hjerneslag.

Heimesjukepleia kjem heim til Andreas to gonger dagleg. Det er Hilde Karin og Andreas glade for. Også for at han har fått ein personleg brukarstyrt assistent.

– Når eg først skulle få hjerneslag, er Ørsta den beste kommunen eg kunne fått det i. Eg kan ikkje få fullrosa kommunen, både kvardagsrehabiliteringa og heimesjukepleia som gjer ein kjempejobb. Eg vil påstå at Ørsta er ein føregangskommune.

Andreas stumpa røyken tre veker før han vart sjuk. No er alkoholmengda kraftig redusert, kosthaldet er betra og vekta er redusert med snart tjue kilo for mannen som i mange år hadde høgt blodtrykk utan at han brydde seg om det. Sjølv om to bestefedrar fekk hjernebløding, tenkte 54-åringen aldri på at han kunne verte råka. Alle andre, men ikkje han.

– Eg var i Polen nokre dagar før eg vart sjuk, og då eg sat på flyet fekk eg veldig hovudverk. I ettertid har eg tenkt at det kanskje kunne vere eit faresignal.

Andreas har også vore i Polen etter at han vart sjuk, etter råd frå polske venner som tilrådde behandling hos ein klinikk som skal ha gode resultat med hjerneslagråka. Vennene la godt til rette for Polen-turen.

– Men opphaldet vart diverre mislukka på grunn av språkproblem. Ingen der borte snakka engelsk.

Dagane

Kvardagen er sjølvsagt sterkt endra for 54-åringen som trenar hos fysioterapeut eit par-tre gonger i veka. Elles prøver han å fylle dagane så godt han kan. Lesing og tv-sjåing vert det ein del av, men han kjem seg også ut døra og set stor pris på at kompisane stiller opp og «luftar» han, no når han ikkje kan køyre bil. Andreas er utolmodig, og skulle ha sett at framgangen er større. Handa er framleis «vekke». Men han er tilfreds med at han kan gå på føtene sjølv om han må bruke stav. Han vert fort sliten, og brukar ofte rullestol når han er ute. Snøvlinga er heilt vekke. Litt verre er det med hugsen.

– Han rotar litt med tidsperspektivet, og er nok meir gløymsk enn før, registrerer Hilde Karin.

Elles er ektefellen mykje som før, og humoren er intakt.

Stamceller

Sjølv om dagane kan vere tunge, og det er lett å tenkje negativt, så har Andreas Moe håp om betre tider. Han er innstilt på å trene hardt. Og så har han også eit håp om at stamcellebehandling skal kunne hjelpe han til å verte friskare. Men det ligg kanskje langt fram, for behandlinga er kostbar.

Andreas håper ikkje berre at han ein dag skal kunne gå på skikkeleg vis, men at han også skal kome i arbeid.

– Arbeidsgivaren min Ottar Vartdal har vist stor forståing overfor meg, og vil ha meg tilbake, noko eg set stor pris på.

Andreas ser i dag annleis på livet, og det å ha helsa i behald.

– Hadde eg vore som før, skulle eg med glede ha gått til arbeid på Vartdal. Ja, det hadde eg verkeleg gjort. Å vere frisk er inga sjølvfølge, og dei er heldige dei som går gjennom livet utan store helseproblem.

I mai er yngstemann i barneflokken på fire i Hansholen på Ose konfirmant. Og då har Andreas Moe ein lovnad han skal halde:

– Då skal eg klare å lage signatursuppa mi!

Hjerneslag: Andreas Moe har kjempa seg tilbake på føtene etter hjerneslaget i april i fjor. Lang og målretta trening gir han håp om ein gong å kome tilbake i arbeid. Foto: Magne Krumsvik
Fiskebutikk: Slik hugsar vi Andreas Moe frå tida på Ørsta Fisk. Hektiske dagar for ein aktiv mann.
Optimiost: Andreas Moe har smilet på lur og er optimist og håper han vert så frisk at han kan vere til nytte for andre igjen. Foto: Roy-Arne Folkestad