– Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma, heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.

Med stødig sopranstemme og med strålar frå vårsola som varma gjennom kyrkjevindauga, song Karen Rosenberg Olsen våren inn i Ørsta kyrkje 1. påskedag, akkompagnert av venninna Natallia Paplova, på Ørsta-besøk, på klaver.

Magisk

– Det var magisk då sola kom og lyste opp. Eg høyrde våren kome og bekken som sildra. Det var ei fantastisk stund!

Gode helsingar frå Bente Sporsheim og resten av publikum etter konserten. Rundt 25 personar prioriterte vekk påskesola ute, og tok turen inn i Ørsta kyrkje – der sola lyste, om mogleg, enno sterkare. Karen i spesialsydd påske- og vårkjole for høvet, av stoff frå gjenbruksbutikken.

Dei serverte ein todelt konsert, med kyrkjemusikk av mellom andre Bach og Händel i første del, og Edvard Grieg i andre del.

– Grieg er min absolutte favoritt, og kva passar betre enn å framføre «Våren» på ein slik dag? sa Karen Rosenberg Olsen til publikum, medan vårsola dansa i kjolen.

Teksten av Aasmund Olavson Vinje skildrar kjenslelivet gjennom observasjonar i naturen.

– Det handlar om alt vi har fått i livet, om alt vi har tapt, og om takksemd.

Sjølv var musikarane svært takksame for publikum som møtte opp. Olsen er heime på ferie, men tek meir enn gjerne jobben med seg heim.

Heime

– Som musikar tek du aldri heilt ferie. Det er dette eg driv med, og å kunne halde konsert på heimebane er alltid ekstra spesielt. Då får du synge for familie og vener, og det vert både nærare og meir høgtidsamt. Påske er høgtid, og då kjennest det også naturleg å sette opp ein konsert når eg er i Ørsta, og særleg i kyrkja. Her kjenner eg meg som heime, seier ho.

Påskeferien er over for denne gong, men Karen Rosenberg Olsen skal ha meir ferie i år på heimebane, og dermed vert det også fleire konsertar. I sommar vert det nok ein gong arrangert Sommarljom, ein festival ho var med på å starte opp saman med Audun Ellingsen. Det er berre å gle seg.

Stemning: Klaver og sopran skapte vårstemning i Ørsta kyrkje. Foto: Janne-Marit Myklebust