På lappen står det: «Dei går i blant oss! Tirsdag 18.04 kl. 11.45 utanfor Volda rådhus blir det demonstrasjon mot homofile og rettigheitene dei ufortjent har blitt tildelt av idiotane som styrer den norske stat. Ta med faklar, banner og familien. Desse krypa har ingen plass i vår religion eller vårt samfunn!»

- Eg er sjokkert. Det heile er veldig spesielt. Eg har høyrt at lappane er delt ut over heile Volda, heilt til Mork, fortel Hanne Iren Øyra frå Volda, som var raskt ute med å dele bilde av lappen frå postkassa på Facebook, og seie kva ho meiner om initiativet.

- Det høyrer ingen stad heime! Kva er det som gjer at nokre kan meine at dei er meir verd enn andre?

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, reagerer også sterkt.

- Dette er det mest idiotiske eg har sett. Det er over alle støvleskaft, seier han.

Han fortel at det på tysdag skal vere politiråd i Volda, og at ordførarar og rådmenn frå heile Søre Sunnmøre skal vere samla.

- Då tenkjer eg at om det vert ein demonstrasjon, så vil vi vere der for å vise at vi ikkje støttar opp om dette idiotiske initiativet. Ein annan ting er at det ikkje er søkt om løyve til å halde ein slik demonstrasjon. Eg håper dette berre er ein forseinka, dårleg aprilspøk.