I september i fjor gjennomførte politiet fartskontroll i Hornindal og på Kvivsvegen ved Austefjorden. Rundt klokka 20.00 16. september vart den eine politipatruljen merksam på ein motorsyklist som passerte dei på E39 ved Austefjorden i høg fart i retning Hornindal. Politipatruljen valde å følgje etter motorsyklisten, og den andre patruljen i Hornindal vart varsla.

Politiet gjorde videoopptak under heile køyreturen som følgde. Ifølgje rettspapira heldt motorsyklisten høg fart frå Austefjorden og fram til Kvivstunnelen, men ikkje over grensa for førarkortbeslag.

Ved starten av tunnelen auka farta. Politiet registrerte på Triptrack-utstyret i sin bil at farta var over 180 km/t, men motorsyklisten drog likevel ifrå. Politiet hadde lenge visuell kontakt med motorsyklisten, men mista han av syne på veg mot Stranda. Ifølgje utrekningar som er gjort køyrde motorsyklisten 7.703 meter på to minutt og 35 sekund. Dette gjev ei snittfart på 178,9 km/t.

Retten la til grunn av snittfarten var minst 170 km/t. Den tiltale mannen nekta for at han køyrde motorsykkel på den aktuelle strekninga på det aktuelle tidspunktet. Retten var overtydd om at det var den tiltalte mannen som køyrde motorsykkelen.

I Fjordane tingrett vart mannen dømd til fengsel i 30 dagar. I tillegg vart mannen dømd til tap av førarretten i 30 månader.