– Sesongoppkøyringa har gått litt i bølgjedalar. Vi starta veldig bra, men etter det har det vore litt varierande oppmøte. Dei som har der har gjort ein kjempejobb, og eg er godt nøgde, seier Åmdal-trenar Andre Dvergsdal.

Åmdal kjempa lenge i fjor om fornya kontrakt i 5. divisjon, men laget klarte ikkje å enda på trygg plass. Då utvidinga av 4. divisjon ikkje vart vedteke på krinstinget i fjor vart det og klart at Åmdal rykka til 6. divisjon. I treningskampane har det m.a. blitt siger mot Vartdal, uavgjort mot Hovdebygda og tap for Sæbø. Stammen i stallen frå i fjor er med vidare til årets sesong, men det er mange nye spelarar i årets stall.

– Vi har fått inn tre studentar frå Volda, nokre unge Volda-spelarar og to spelarar frå Ørsta. Totalt er det sju nye spelarar i stallen, og det ser veldig lovande ut. I tillegg har vi med oss stammen frå i fjor.

I 6. divisjon ventar det i år lokaloppgjer mot Vartdal og Sæbø for Åmdal. 16. mai vert det lokaloppgjer på Legene mot Vartdal, og Dvergsdal er trygg på at Åmdal skal bite godt frå seg i divisjonen.

– Eg er litt usikker på kor dei andre laga står. Eg syns sjølv at vi har ein veldig sterk stall, og vi skal bite frå oss. Lokaloppgjera vert spennande og dei ser vi veldig fram til.

Ifølgje den nye trenaren har Åmdal ei god angrepsrekkje, og Dvergsdal er trygg på Åmdal kjem til å skåre mykje mål i årets 6. divisjon.

– Vi har også eit sterkt forsvar og vi skal få til gode resultat. I oppkøyringa har vi vore flinke til å spele ballen, og dette tek vi med oss inn i sesongen.

Åmdal har ikkje fastsett ei målsetting for årets sesong, men har von om å prestere godt.

– Vi har ikkje ei felles målsetting. Vi skal prøve å spele fin og effektiv fotball. Vi kjem til å ta ein kamp av gongen og prøve å få best moglege resultat, seier Dvergsdal.

Åmdal starta årets sesong med bortekamp mot Gjerdsvika IL/ Larsnes/Gursken FK 19. april.