Det fortel ordførar Stein Aam.

– No må vi kvalitetsrekne på tilboda, men det eg kan seie så langt er at det ser rimeleg bra ut. Straks over påske kan eg seie meir. Dette trur eg vi skal greie å få i land, seier han.

Gåvepakke

I september i fjor kom landbruksminister Jon Georg Dale eins ærend til Ørsta og til Ørstaterminalen med ein gåvepakke på 12,5 millionar kroner frå Landbruksdirektoratet for utvikling av Ørstaterminalen til tømmerkai. Arbeidet med å finne midlar har pågått over fleire år. No ser Stein Aam lys i tunnelen. Med 12,5 millionar frå staten, trur Aam at dei skal klare å finne midlar til å finansiere resten. I budsjettet er det sett av seks millionar kroner i inneverande år. For 2018 er det sett av 12 millionar kroner.

Det er også sett av fem millionar både i 2017 og i 2018 til oppgradering av vegar til å tole tømmertransport.

– Men som sagt, så finreknar vi no, og så kan eg kome med eit klarare svar over påske. Men det ser positivt ut. Får vi på plass finansieringa, satsar vi på at arbeidet kan kome i gang så raskt som råd.

Auka volum

Ørsta var blant dei første kommunane i landet som på 1950-talet utarbeidde ein eigen skogreisingsplan. No er mykje av skogen hogstklar, og volumet vil berre auke i åra framover. Tømmervolumet som går over kaia i dag er på 37.000 m³, og er venta å auke til 70.000 m³ i løpet av dei neste åra. Å utvikle Ørstaterminalen til tømmerkai går ut på å utvide kaifronten med 85 meter (nær ei dobling), med 6.000 m² for tømmerlagring.

– Med denne utbygginga av Ørstaterminalen vil vi sørge for at vi i større grad kan redusere kostnadene på transport og få til ein meir effektiv logistikk når vi skal avverke skogen, sa Jon Georg Dale, då han var i Ørsta.

Kommunen har fått kritikk frå m.a. skogeigarlaget, som meiner saka har drege ut i tid og har gjort at skogeigarane har tapt mykje pengar. No håper Stein Aam at ting skal falle på plass – til det beste for alle.