I november i år har filmen Den 12. mann, om historia til Jan Baalsrud, premiere. I rolla som motstandsmannen Per Blindheim finn vi ørstingen Eirik Risholm Velle.

- Eg har jobba knallhardt for å få sjansen og vere klar når den kom. Eg har gått gradene, og det er veldig kjekt å vere ein del av ein stor produksjon. Det er slike jobbar du vil ha når du vel skodespelarutdanninga, seier 29-åringen frå Ørsta.

Innspelinga av Den 12. mann vart ferdigstilt førre tysdag. Med Harald Zwart som regissør og Petter Skavlan som manusforfattar er dette ein av dei norske filmane det er knytt mest spenning til i 2017. Jan Baalsrud var ein del av Kompani Linge under 2. verdskrig. Våren 1943 måtte Baalsrud flykte frå Rebbenesøya i Karlsøy kommune til Sverige etter eit mislykka landingsforsøk med fiskeskøyta MK «Bratholm I». Tolv mann frå Kompani Linge hadde reist frå Shetland for å gjennomføre eit sabotasjeoppdrag, og både Baalsrud og Blindheim var med på turen.

– Blindheim var ein god kamerat av Baalsrud, seier Risholm Velle.

Av mannskapet vart elleve motstandsmenn fanga og drepen, og berre den tolvte mann, Baalsrud, klarte å flykte. Historia om Baalsrud har tidlegare blitt skildra i boka Ni liv, som seinare og vart filmatisert.

I Den 12. mann spelar Risholm Velle ei sentral rolle i den første delen, men naturleg nok handlar mesteparten av filmen om flukta til Baalsrud spelt av Thomas Gullestad. Frå regissør Harald Zwart haustar ørstingen berre lovord.

Risholm Velle vonar at besøksstistikken på Ørsta kino vil sjå bra ut når Den 12. mann har premiere i november i år.

Frå krigshelt til fotballproff

For ørstingen vart det ikkje den lange pausen frå Den 12. mann til neste store prosjekt. I fjor lanserte NRK planane for si nye storsatsing Hjemmebane. Serien skal handle om den første kvinnelege fotballtrenaren i eliteserien i Noreg si historie. I hovudrolla som den kvinnelege trenaren finn vi Ane Dahl Torp. Tidlegare fotballspelar John Carew spelar rolla som ein fotballspelar i slutten av sin karriere, som kjem tilbake til Norge for å avslutte karrieren sin her for det fiktive laget Varg i Ulsteinvik. Risholm Velle har fått rolla som medspelar for Carew og midtstoppar på Varg.

– Det følast veldig godt å vere ferdig med ein stor filmproduksjon, og å gå vidare til ein store tv-produksjon.

Innspelinga av serien starta torsdag i førre veke, og etter påske kjem produksjonen til Ulsteinvik.

– Då skal eg bu heime i Ørsta, og det skal bli bra.

Innspelinga av serien skal halde på fram til oktober, og Risholm Velle vil få mykje kameratid.

– Truleg vert det meir eksponering på meg i Hjemmebane enn i Den 12. mann.

Risholm Velle har von om at rollene i Den 12. mann og Hjemmebane kan vere ein døropnar for endå fleire roller i tv- og filmbransjen.

– Eg er glad for at folk no kan begynne å assosiere meg med film og tv. Eg er veldig takksam for å ha gjort Unibet-reklamane også, men det er klart at det er ikkje noko ein kan halde på med i lengda. Så er det jo slik i skodespelaryrket at ti sekund TV er meir verdt enn ti år teater, for å setje det på spissen. Sjå på stakkars Toralv Maurstad. Nitti prosent av Noreg trur han er Georg i Hotel Cæsar. Mannen er ei legende i teater-Noreg og har spelt alt av store roller på Nationaltheatret i over førti år, seier Risholm Velle.

– Korleis er livet som skodespelar?

– Det er veldig bra når det er bra, og så kan det plutseleg vere stille. Målet mitt er eg, som no, skal gå frå produksjon til produksjon, og at det er eg som må seie nei og ikkje omvendt. Som skodespelar er det ekstremt viktig å alltid vere på jobb. Om du ikkje filmar eller opptrer, må du finne ut kva du kan gjere for å fleire sjansar. Etter 3–4 år byrjar eg å forstå korleis det fungerer. Eg er veldig nøgd med å være skodespelar, og det er godt å få bekrefta at eg har gjort riktig valg, men du må ikkje finne på å bli det om det er noko anna du kunne tenkje å drive med.

I fjor haust vart 29-åringen henta inn i stallen til Pullman, og det same managementet som arbeider for mellom andre Atle Antonsen, Jakob Oftebro og Jenny Skavlan jobbar no for Risholm Velle.

– Målet mitt er å arbeide heile tida

Risholm Velle understrekar at han med skodespelarauge endå er heilt fersk, og han kan garantere at han blir å sjå fleire gonger i film og tv-seriar.

– Målet mitt er å arbeide heile tida, og å vere oppteken med kule prosjekt. Eg skal gjere mitt yttarste for å få sjansen i store produksjonar igjen, og eg kan garantere at dette ikkje er det siste de ser til meg.

– Det var sjukt klisje, men også heilt sant, avsluttar Eirik lattermildt.

Instruksjonar: Regissør Harald Zwart gjev Kompani Linge instruksjonar under innspelinga av Den 12. mann. Zwart rosar innsatsen og spår Risholm Velle ei lysande framtid som skodespelar. Foto: Jarle Nyttingnes Foto: Jarle Nyttingnes