– Ørstaskulen har lesing som eit av sine satsingsområde inneverande og komande skuleår. Vi arbeider systematisk for å gje elevane våre ei betre leseopplæring, og driv lesetrening i alle fag, fortel rådgjevar i seksjon skule, Toril Romestrand Hjelle.

Mellom anna nyttar alle skulane SOL (Systematisk Observasjon av Lesing), og alle lærarane er organiserte i nettverk, der dei lærer meir om m.a. omgrepslæring og ulike lesestrategiar. Kvart av dei tre nettverka har ein eigen ressurslærar som støttar skuleleiingane i utviklingsarbeidet.

Lesesenteret (Nasjonalt senter for leselæring og leseforsking), som arrangerte konferansen, er både ein del av Universitetet i Stavanger (UiS) og eit nasjonalt senter under Utdanningsdirektoratet. Lesekonferansen er eit årleg arrangement. Temaet i år var «Dybdelæring». Dette skal bidra til at elevane taklar faga betre, og lettare overfører læring frå eitt fag til eit anna. Fokuset på lesekonferansen handla om korleis dette kan gjerast i undervisinga, og om det krev ei omlegging av undervisinga.