– Siste kinodrift vert søndag 23. april, og då avsluttar vi med ein smell og køyrer mange filmar både laurdag og søndag. Så satsar vi på oppstart i nyoppussa kinosal 1. september, sa kulturhusleiar Janne M.G. Skarstein då ho var invitert til levekårsutvalet onsdag for å informere om planane for renoveringa.

Med seg hadde ho også seksjonsleiar eigedom, Irene Graskopf og Frank Flusund frå eigedomsavdelinga.

– Vi veit at fylket er svært interessert i å sjå på ny vidaregåande skule og kulturhuset som eit samprosjekt. Alt avheng av kva fylkestinget gjer vedtak om i budsjettet i desember. Vi jobbar no med å kartlegge kulturhuset og sjå på moglegheitene for vidare utvikling – og riggar oss for det som eventuelt må kome i desember. Når det gjeld renoveringa av kinosalen så vil ikkje det påverke eventuelle planar om sambruk. Vi har avgrensa prosjektet til å gjelde berre kinosalen, i denne omgang, fortalde dei to.

Odd Magne Vinjevoll (Frp) stilte spørsmål om det var gunstig å ta renoveringa av kinosalen på denne tida, sidan det er fellesferie snart, og om ikkje jobben ville verte raskare gjort på eit anna tidspunkt.

– Eg er uroa over at det vert fem månader med stillstand. Vi har mange konkurrentar rundt oss, sa han.

– Denne tida er lågsesong for kinoen. Det er no vi vil tape minst pengar på å stenge ned. Vi har mange faste leigetakarar som låner kinosalen. Mellom anna til musikalen til Volda vidaregåande skule, og no sist til næringskonferansen. Leigetakarar som legg att mykje pengar. Vi passar på å ikkje stenge til desse arrangementa. Dei einaste som må finne ein annan stad å vere er ballettskulen, dessverre. Dei får ikkje låne salen til vårframsyningane sine i år, sa Skarstein.

Rett over påske startar arbeidet. I tillegg til å skifte ut dei utslitne stolane, skal det også verte lagt nytt golv og laga ny takhimling. Nye høgtalarar skal på plass, kinolerretet skal verte flytta, det vert utbetra branntryggleik m.m. Nye krav til brannsikring gjer at det vert nokre færre stolar i salen etter oppussinga – frå 316 til 304.

– Det er berre kinosalen som vert stengt i denne perioden. Resten av kulturhuset er ope, og det skal mellom anna vere både bryllaup og andre arrangement i festsalen denne tida. 17. mai vert litt spesielt, sidan vi ikkje får spandert gratis kino på ørstingane, men vi reknar med å verte tilgitt når dei får sjå kor flott kinosalen vert!