– Vi takka ja til alt.

Torstein Holsvik fekk æra av å vere det lokale innslaget under 2017-utgåva av Næringskonferansen Søre Sunnmøre. I 1994 starta han med dykking på hobbybasis. Hobbyen vart etter kvart levebrødet, og i 2002 vart Møre Dykkerservice AS oppretta.

– Då var vi tre tilsette og hadde hovudkontor i ei garasje i Hovdebygda. Utstyret var enkelt og heimelaga. Vi laga til og med båtane sjølve, fortalde Holsvik.

I 2003 kjøpte selskapet Ørsta kleklypefabrikk, ei sjøtomt som passa godt til dykkeverksemda. Dei første åra var Møre Dykkerservice utleigde til Selmer, det største dykkeselskapet i Noreg den gongen.

– Vi jobba tolv veker på og ni veker av. Dykk opp i seks timar var heilt vanleg. I frivekene jobba eg dag og natt med å hente inn nye oppdrag. Det var tøffe tider, og pengane vi investerte måtte vi tene sjølve.

Forlis

I starten var oppdragsfordelinga fordelt mellom anleggsdykking, oppdrett og andre oppdrag.

– Vi har også hjelpt politiet og andre redningsetatar. Vi sa ja til alt vi kunne få, fortalde Holsvik.

Han tok også sprengningssertfikat, og oppdrag på land.

Den mest dramatiske episoden i selskapet si historie kom ein vinterdag i 2003.

– Vi skulle gå med ein båt frå Måløy til Ørsta. Det hadde vore dårleg vêr, men det hasta og vi fann ut vi måtte prøve å gå rundt Stad. Midt ut på snudde vêret, vi fekk sjøen meir frå sida, og lasta forskyvde seg. Til slutt kjende eg at dette ikkje kjem til å gå bra.

Kollegaen Stian Brautaset hoppa over bord, medan Holsvik vart med båten eit stykke nedover djupet før han kom seg ut. Begge vart berga av folk som hadde sett forliset frå land.

– Vi var på jobb att dagen etter, seier Holsvik.

Investerte

Dei første åra vaks selskapet men det vaks seint. Frå ei omsetning på 1,6 millionar kroner i 2002, til 11 mill. kr i 2010. Utstyret var framleis heimelaga.

– Vi gjekk til banken og sa vi hadde behov for å investere. Men vart møtt med skepsis. Vi måtte prøve ein annan bank. Då gjekk vi til Sparebanken Møre. Eg har erfart at det er utruleg viktig å ha gode samarbeidspartnarar som forstår bedrifta sitt behov.

Med nye bank i ryggen kom framtidsretta båtar på plass.

Omsetninga gjekk frå 14 mill. i 2011 til 40 mill. kr i 2014.

Sterk vekst

I 2015 fusjonerte selskapa Møre Dykkerservice, Vest Dykkerservice og Sunnfjord Dykkerservice, og skifta namn til Frøy Vest.

– I dag har vi 145 tilsette, og vi har adresse i Måløy der vi har bygt verkstad, lager og base.

Dei seinare år har oppdrettsnæringa, og særleg lakselus vorte det store satsingsområdet for FrøyWest.

– Det vart oppdaga at lakselus ikkje tolte varme. Då får ho heiteslag og døyr. Det kunne vi utnytte. Kanskje vi kunne lage eit spa-anlegg?

Saman med Salmar bygde dei eit stort anlegg på ein lekter.

– Frå vi skreiv kontrakten med Salmar til vi leverte båt og lekter gjekk det fem månader.

Seinare har dei bygd tilsvarande anlegg for Marine Harvest.

Anlegga køyrer om lag 200 tonn med laks i timen gjennom systemet. Vatnet held 32 grader, og laksen brukar 20 sekund på prosessen.

Satsinga har utan tvil gitt frukter. Frå 2014 til 2016 gjekk FrøyWest frå ei omsetning på 40 til 200 millionar kroner.