I dag er 23-åringen takksam for at han overlevde.

Onsdag for halvanna veke sidan: Sola skin endeleg på Ørsta-himmelen, og saman med to brør, Jan Tore (33) og Stian (25) Sæbønes, og ein annan kompis, planlegg Sindre Sæbønes ein tur til populære Skårasalen i Hjørundfjorden. I det flotte seinvinterveret verka forholda gode. Turgjengen starta i lag, men delte seg etter kvart på veg mot toppen. Sindre valde denne gongen å gå med lånte truger, noko han ikkje var vand med. Turen starta bra, men sindre konstaterte at skaren vart hardare og hardare dess lenger opp han kom der han gjekk nokre hundre meter til høgre for den vanlege turløypa. Dette for å ta ein snarveg.

Då Sindre nesten hadde kome opp på den siste flata før toppen, vart det dramatisk: Bindingen på den eine truga losna. Sindre miste grepet i skaren og byrja å skil på rumpa nedover det bratte, isete terrenget. Farta vart større og større. Begge trugene forsvann frå føtene hans der 23-åringen sklei med stein på alle kantar. Han bremsa det han kunne både med føter og hender utan hanskar.

– Eg tenkte berre på at eg måtte overleve dette, seier Sindre.

Etter kring hundre og femtimeter stoppa han, kraftig medteken. I forsøket på å stoppe braut han den eine ankelen, og huda frå begge handflatene vart flerra vekk. Store, raude kjøttsår var resultatet.

Hell i uhellet hadde eit sveitsisk par, som også var på veg mot Skårasalen, observert ulykka og høyrt at Sindre ropte. Kvinna i paret var sjukepleiar, og Sindre opplevde den beste førstehjelp han kunne ønske seg. Ho gav Sindre smertestillande og grov ei lita hole der Sindre fekk støtte seg.

Medan ho tok seg av den skadde, ringde ektefellen hennar etter hjelp. Mobildekninga var dårleg, men etter nokre forsøk kom han gjennom til nødsentralen. Og det tok ikkje lang tid før redningshelikopteret kom. Då hadde også dei andre i turfølgjet kome til. På Ålesund sjukehus opererte legane foten til Sindre, opphavleg frå Sæbø, men busett i Ørsta, og sette inn åtte skruar i ankelen. Hendene vart bandasjert.

Fjellvand

Sindre Sæbønes er ein fjellvand mann med mange turar bak seg, men han var ikkje vand å gå med truger. Og no har han fått seg ein lærepenge.

– Denne gongen hadde eg rett og slett ikkje med meg verken nok eller skikkeleg utstyr. Det var fine forhold då vi starta, og eg hadde ikkje venta at eg skulle møte slik steinhard skare med is på vegen opp. Ein veit aldri kva forhold ein møter i fjellet. Det er ikkje berre å pakke ein sekk og legge av garde. Det kan sjå så fint ut når ein startar, men fjellet er skummelt, og ein veit aldri, reflekterer Sindre. Han meiner det er viktig at ein er komfortabel med eige utstyr.

– Det er også viktig at ein går saman. Eg har alltid følt meg trygg i fjellet. No har respekten vorte større, og eg har fått meg ein støkk. Denne gongen hadde eg flaks at det gjekk så bra. Hadde eg treft ein av dei mange steinane eg passerte, vil eg ikkje tenkje på utfallet, seier Sindre Sæbønes.

Han ønskjer å rette stor takk til dei som hjelpte han etter ulykka, spesielt det sveitsiske paret som var på skiferie i Ørsta.

Redda: Redningshelikopteret tok med seg Sindre Sæbønes til sjukehuset i Ålesund etter den dramatiske hendinga. Foto: Privat Foto: Roy-Arne Folkestad