– Vi legg ikkje opp til å bruke helikopter på Ørsta skisenter. Dei tre siste åra har vi greidd oss med trakkemaskin og snøskuterar. Det er planen i år også, skriv festivalsjef Eirik Vaage til Ørsta kommune.

Men i samband med arrangementet på Saudehornet er det naudsynt å kunne nytte helikopter.

– Mykje utstyr, tryggleikspersonell, funksjonærar, m.v., må transporterast opp til toppen. Vi estimerer eit behov på åtte landingar, heiter det frå festivalen.

Arrangementet på Bondalseidet skal vere fredag den 21. april ved Trollbotnen, medan arrangementet på Saudehornet er laurdag 22. april. Dette gjeld den delen av festivalen som går under nemninga XFree, og som i år er ein del av Noregscupen.