Anne-Karin Brautast Bae, som er dagleg leiar på Vinmonopolet sitt utsal i Ørsta, fortel at kundane stadig er nyfikne på nye produkt.

– Lokalt er det auka interesse for både alkoholfri drikke, øl og økologiske produkt. Kundane er også opptekne av sukkerinnhaldet i varene, opplever Bae.

Trendane med ein auke i lyst og lett, musserande, rosévin og kvitvin har polutsalet på Amfi-senteret også teke til seg.

– Vi kan såleis seie at kundane våre er trendy, og like sikkert som at sola snart byrjar å varme i solveggen, og bjørka sprett, like sikkert er det at salet av kvitvin, rosé og musserande tek av, fortel Bae.

Les ein tidsskrift frå den store verda, er trendane no mellom anna vinar med fruktsmak.

– Dette er blanda drikke basert på vin med smak av hyllebær, granateple, bringebær og raude frukter og fersken, også kalla coctailvin, seier Bae.

Det vert spådd at kvitvin og rosévin skal ta over marknadsdelane til raudvin. Og folk vel lysare og lettare raudvin, som gjerne skal drikkast kald.

– Vinmonopolet jobbar for å halde fram med å vere i førarsetet som landets leiande faghandelkjede, og for å ivareta ei velfungerande vinmonopolordning, difor jobbar folka våre på kjedekontoret i Oslo kontinuerleg for å følgje trendar som utviklar seg i samfunnet, for på den måten å tilby eit sortiment som treff kundane på ein best mogleg måte.

Hovudtrendar

Når vi kontaktar informasjonsdirektøren i AS Vinmonoplolet, Halvor Bing Lorentzen, for å høyre om trendane i vinmonopol-verda, får vi vite at det er tre hovudtrenar som no opptek kundane. Det er helse, etikk og det som er produsert lokalt.

– Vinmonopolet følgjer utviklinga i alkoholmengda nøye, og per i dag er det desse tre trendane vi trur vil forsterke seg i tida framover. Helse, etikk og lokalprodusert heng saman, og kan knytast til eit ønskje om å ta vare på omgjevnadene. Kundane vil at det dei kjøper skal vere berekraftig og rettferdig, gjerne økologisk, dyrka av bønder i nærområda og det skal gjerne vere sunt, fortel Lorentzen.

Han opplever auka fokus på helse, og det naturlege.

– I vekeblad, på fjernsyn og i dagspressa ser vi at folk er opptekne av å leve eit sunnare liv med trendy og sunn mat. Vi ser at kundane er stadig meir opptekne av sukkerinnhald i produkta våre. Vinmonopolet sine varer har normalt ingen grundig varedeklarasjon. Dette botnar i at alkohol er unnateke varedeklarasjonsplikta, i motsetnad til mat. Vinmonopolet ønskjer varedeklarasjon, og jobbar for at dette skal verte ein realitet. Vi gir opp sukkerinnhald i gram per liter i tillegg til alkoholinnhald. Vinmonopolet ønskjer å bidra til at varene våre vert produsert på ein etisk og berekraftig måte, og produkt er merka fairtrade i hyllene. Vi opplever også auka interesse for økologiske produkt, seier Lorentzen.

Kortreiste handverksprodukt er også i vinden, og særleg alkoholfritt øl.

Korn og frukt

– Her har vi sjølve naturgitte forhold for produksjon av råvarer til desse produkta. Korn og frukt er i motsetnad til vindruer rotnorsk, og kornproduksjon og ølbrygging har lange tradisjonar i Noreg. Og medan det for få år sidan knapt nok fanst eit einaste handverksprodukt i hyllene våre, er det i dag rundt 1.500 ulike ølsortar som er tilgjengeleg på Vinmonopolet, seier informasjonsdirektør Halvor Bing Lorentzen.