Det fortel styreleiar i Tussa, Gunnar Gjørtz.

Møre-Nytt har stilt spørsmål til styreleiaren om han sitt syn på at hovudkontoret i Mørenett kan verte flytta til Dragsund samtidig som at det i selskapsavtalen mellom Tussa og Tafjord Kraft står at hovudkontoret skal liggje i Ørsta.

– Slik eg ser det er det rett at Mørenett først greier ut kva som forretningsmessig er best for selskapet isolert sett. Dette er gjennomført og dokumentert i ein rapport som er offentleg tilgjengeleg.

Så kan det vere andre dimensjonar som er viktige – og som kan ha betydning for avgjerd, altså aksjonæravtalen som seier at hovudkontoret skal ligge i Ørsta. Der er eg samd med Rune Kipperberg i Mørenett som meiner at dette er ei sak for eigarane, seier Gjørtz.

Onsdag kom eit innspel frå største eigar i Tussa (Ørsta Kommune) som har bede om at denne saka vert teken opp på førstkomande generalforsamling fredag 21. april.

– Der kan eigarane diskutere seg fram til kva som skal vere Tussa sitt syn i saka, seier Gjørtz.

Det vil verte sendt ut ny innkalling til generalforsamlinga i Tussa der spørsmålet om samlokalisering Tussatun og Dragsund vert teken opp som eiga sak.