Onsdag føremiddag kom mange 10.-klassingar som er ein del av valfaget Frisk og rask ved Ørsta ungdomsskule til G-sport i Ørsta. Tidlegare i år har elevane selt fastelavnsris for Ørstavik sanitetsforeininga. Dette samarbeidet, og velvilje og samarbeid frå G-sport Ørsta, har gitt elevane ved skulen tjue nye sykkelhjelmar.

– Dette hadde vi ikkje fått til utan at vi samarbeidde med sanitetsforeininga og G-sport. Det er kjekt å sjå at elevane legg ned ein innsats, og kan sjå resultatet av dette arbeidet, seier lærar Einar Myrold.

Både sanitetsforeininga og G-sport har tidlegare bidrege til sykkelstallen til ungdomsskulen, og Kenneth Nydahl tykker det er kjekt å kunne bidra.

– Det er eit godt tiltak. Eg trur ikkje ungdomsskulen hadde hatt desse tilboda om det ikkje hadde vore for eldsjela som står bak.

I tillegg til nye sykkelhjelmar var mange Frisk og rask-elevar samla på tomta til den nye fleirbrukshallen onsdag.

– I valfaget Frisk og rask har vi snart 150 elevar. Halvparten av dette faget er friluftsliv. Difor brukar vi ein del ved. For nokre år sidan fekk vi vede opp i Fonna, og no byrjar vi å verte tomme for ved, seier lærar Gunnar Festøy.

Skulen fekk løyve til å ta ned skogen mellom klubbhuset til Ørsta IL og ridehallen. No er elevane i gang med kløyve opp og pakke ned veden.

– For mange av elevane er det første gangen dei får halde i ei øks. Det at dei får gjere godt gammaldags kroppsarbeid har dei berre godt av.

Veding: På tomta til den nye fleirbrukshallen er elevar frå Frisk og rask i gang med kløyving og pakking av ved. Veden skal nyttast i friluftsdelen av valfaget. Foto: Einar Myrold Foto: Einar Myrold