Det sa Per Buset, då samfunnsutvalet tysdag var på synfaring i hytteområdet i Sandvika. Gjennom selskapet Buset Invest søkjer han frådeling på vegner av grunneigar Olav Kåre Solvang. Målet er å etablere ein parkeringsplass på oppsida av Nipevegen, mot E39. Han har grunneigaren sin aksept for dette. Men administrasjonen i kommunen var negative. Området er avsett til framtidige fritidsbustader, men er ikkje regulert. Parkeringsplassen skal vere for to hytter på nedsida av Nipevegen. Der er i tillegg tomt for ytterlegare ei hytte.

– Plan- og bygningslova har ein grunntanke om at planlegging skal skje før bygging, og dette skal vere basert på ei heilskapleg vurdering som gir best mogleg resultat for flest mogleg. Ulempene ved å gi dispensasjon frå reguleringsplankravet er at dette gir føringar for korleis det samla arealet kan verte utnytta i framtida. Kommunedelplan legg til rette for å utvikle området og gi eit tilbod til dei som ønskjer sjønære fritidsbustader. Det er mogleg at arealet berre vil bandlegge ei hyttetomt. I verste fall kan vi risikere at parkeringsplassen vil legge hindringar i vegen for ei god samla utnytting og slik gjere området mindre attraktivt for potensielle kjøparar i framtida, står det i sakspapira.

Samfunnsutvalet stilte til synfaring. Buset viste dei det aktuelle området.

– Her går også ei kraftlinje over arealet, noko eg meiner vil gjere hyttebygging akkurat her vanskeleg, kommenterte han.

Han informerte også om at det er sett av areal til framtidig parkering lenger nord langs vegen, men at dette ligg mykje lenger vekke frå dei to fritidsbustadene. I tillegg er der ein straumkabel i jorda, og der står ein transformatorstasjon.

– Dette gjer at det er svært lite ønskjeleg å grave her.

Det tiltenkte parkeringsarelaet er på om lag 160 kvadratmeter og skal gi plass til fast parkering og ei gjesteparkering for kvar av dei tre fritidsbustadene på nedsida av Nipevegen.

– Eg er ser svært positivt på initiativet frå Buset. Det vert framstilt som om dette er eit mekka for dei som vil bygge hytte her, men sanninga er at marknaden ikkje er så heit. Eg har ikkje tenkt å utnytte dette området. Ein parkeringsplass vil halde området i stand, sa grunneigar Solvang.

Eit samla samfunnsutval gjekk imot tilrådinga frå administrasjonen og vedtok å gi dispensasjon til etablering av parkeringsplass.