– Tanken er å samle kunnskap og informasjon om livsløpet til innbyggjarane i Ørsta. Eit viktig moment i planen er korleis ein kan samhandle om levekårsutfordringar på tvers av sektorar, fortel prosjektleiar Gro Anita Bårdseth.

Andre viktige moment i kommunedelplanen, som vert ein overordna plan og eit viktig styringsdokument, er førebygging og tydeleg innsats, brukarfokus, involvering og deltaking.

Kommunestyret vedtok før jul å få utarbeidd ein levekårsplan som inkluderer det systematiske folkehelsearbeidet for dei neste fire åra. Planen skal omfatte områda som ligg under seksjonane barnehage, skule, helse og velferd, bu og habilitering, omsorg og rehabilitering, og kultur og næring. Levekårsplanen som kommunedelplan er overordna i høve sektorplanar innanfor heile levekårsfeltet. Sektorplanar som er eller vil verte utarbeidde under levekårsplanen er Plan for habilitering og rehabilitering, Bustadsosial handlingsplan, Demensplan, Pandemiplan, Rusmiddelpolitisk plan og Frivilligplan.

Samanheng

– Framfor å utarbeide separate sektorplanar har ein valt å utarbeide ein plan som ser på levekårsfeltet i samanheng og over eit lengre tidsrom. Levekårsplanen er såleis tenkt som ein plan for heile livsløpet, seier Bårdseth.

Planen skal etablere rammer for eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid, løyse kravet om løpande oversikt over folkehelseutfordringane, og setje mål for folkehelse og strategiar for folkehelsearbeidet.

– Dei bakanforliggande årsakene til folkehelseutfordringane er knytt til levekår. Sidan det er så sterke faglege koplingar mellom desse områda rår fagseksjonane til at kommunedelplanen for folkehelsearbeid ikkje vert utarbeidd som eigen kommunedelplan, men at folkehelseperspektivet vert gjennomgåande i levekårsplanen, seier Bårdseth.

Levekårsplanen omfattar såleis både tenesteperspektivet til fagseksjonane og tematikk knytt til folkehelsearbeidet.

Formål med levekårsplanen er å få oversikt over levekårsfeltet og skape felles forståing for levekårsutfordringar i Ørsta kommune. Planen skal vere ein felles plattform som på tvers av ulikt lovverk knyter tenestene saman og bidreg til heilskapleg og samordna innsats på ulike fagområde. Det systematiske og løpande folkehelsearbeidet vert sentralt i denne tilnærminga.