Prisen vert delt ut årleg av KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Dette er andre gongen på tre år at Ørsta kommune har vunne Arbeidsmiljøprisen. I 2015 var det Hjørundfjordheimen som fekk den. Det melder Ørsta kommune på nettstaden sin.  I 2015 vart tenesta for psykisk helse og rus heidra med Ørsta kommune sin eigen arbeidsmiljøpris.

– Dei har gjort eit viktig grep over tid for å endre og utvikle sitt arbeidsmiljø og sin kultur. Vinnaren kan vise til at det er gjort eit systematisk arbeid. Frå å vere ein fragmentert organisasjon der det var fleire bekymringsmeldinger knytt til arbeidsmiljø og svakt omdømme, til at dei i dag er å sjå på som ei mønsterbedrift for si teneste og ein ambassadør for heimkommunen på dette området. Det kan også tilføyast at arbeidet som denne eininga utfører er av dei mest krevjande innanfor kommunale tenester, heiter det i grunngivinga.