Volda Røde Kors hadde søkt om utmerkinga til Eldholm. I grunngjevinga vart det peika på at Eldholm gjennom fleire år har jobba målretta for å styrke beredskapen til Volda Røde Kors Hjelpekorps.

– Han har vore «primus motor» for planlegging og innsamling av betydelege midlar som har vore heilt nødvendig for å kunne gjennomføre og gå til innkjøp av m.a. beredskapsgarasjen, og midlar til å fylle denne garasjen med nødvendig utstyr som m.a.; snøscooterar, redningstelt og to stk. KO-hengarar som er fulle med alt slags beredskapsutstyr som er heilt nødvendig å ha.

I tillegg vart det peikt på at Eldholm ein aktiv person som bruker mykje av si fritid på å bygge opp eit velfungerande og godt hjelpekorps i Volda.

– Eldholm er også aktiv i person utanom det å vere korpsleiar i Volda, og nemner: aktiv i skredgruppa til Volda og Ørsta Røde Kors Hjelpekorps, ettersøkingsansvarleg i Møre og Romsdal Røde Kors Hjelpekorps (MRRKH) og medlem i varslingsgruppa i MRRKH.