Paella er ein spansk nasjonalrett som består av kokt, ris som er tilsett safran og retten er ofte blanda med stykke frå både fugl og sjømat. Retten kjem frå Valencia og betyr direkte omsett steikepanne. Retten kan serverast i tallause variantar og er svært populær og i dag skal de få oppskrifta på paella med breiflabb og skaldyr.

Gulfargen i paella er lekker og den kjem frå krydderet safran. Safran består av arra frå safrankrokusen og for å produsere eit kilo safran krev det arr frå 70 000 krokusar som vert plukka og reinska for hand. Safran er eit av verdas mest kostbare krydder, kiloprisen kan fort ligge på kr 50 000 -100 000, men ein får kjøpt nødvendig mengde til matlaging for kr 50.- på ein innvandrarbutikk. Spania var ein største eksportørane av safran men i dag er det Iran som har verdsmarknaden. Safran vert hausta i to intensive veker i oktober/november og brukast i hovudsak som farge- og smakstilsetting i mat.

Har du selskap i helga eller vil by inn på gul påskemiddag, då passar denne paellaen med breiflabb, kamskjel og reker i perfekt. Vel gjerne ein god spansk vin til, for dette er eit spansk festmåltid i all si prakt!

Ingrediensar til 4 porsjonar

400 g breiflabbfilet

20 stk. blåskjel

8 stk. kamskjel

100 g reker, utan skal

1 stk. lauk

2 fedd kvitløk

1 ss persille, frisk

1 stk. paprika, raud

1 stk. tomat

4 ss olivenolje

3 dl ris, langkorna

6 dl vann

100 g bønner, grøne

100 g erter, fryst

1 ts. paprikapulver

1 knivsodd safran

2 ts. salt

1 ts. pepar

Tilbehøyr

sitronbåtar

Framgangsmåte

• Skjær breiflabb i terningar.

• Finhakk lauk, kvitlauk og persille.

• Skjer paprika i strimlar og tomat i terningar.

• Fres lauk, kvitløk og persille i olivenolje til lauken er blank, ca. 2 minutt.

• Ha i ris, slå på vatn og la det koke i 10–12 minutt.

• Tilsett blåskjel og la det koke i 3–4 minutt. Spe på med meir vatn om nødvendig.

• Ha i breiflabb, paprika, tomat, bønner, erter, paprikapulver, safran, salt og pepar, og la det småkoke til alt er mørt, ca. 5 minutt.

• Tilsett kamskjel det siste minuttet av koketida.

• Vend forsiktig inn rekene rett før servering.

Server paella rykande varm i ei vid steikepanne og pynt med sitronbåtar.