Det seier foreldra til fem barn som står på venteliste for plass i Sæbø barnehage. Adelén, Otilie, Loke, Sverre og Agnes Sophie har fått plassar i andre barnehagar i kommunen frå hausten av, ein i Dalane og fire i Rystene.

– Ein fekk andrevalet sitt, og dei fire andre har vi halde samla ved å gi dei plass i Rystene barnehage, opplyser seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo.

Fire av dei fem har eldre søsken som allereie går i Sæbø barnehage.

– Vi bur her, og ønskjer at barna våre skal gå i barnehage her. Det er langt å køyre til Ørsta sentrum med ein eittåring i bilen, seier foreldra.

Dei ønskjer ikkje å kome med kritikk. Då barnehagen vart bygd, var han meir enn stor nok. Barnehagen har totalt 28 plassar.

– Men frå å vere ei døyande bygd for ti år sidan, skjer det svært mykje positivt her, seier Oddhild Kalvatn.

Det er det dei vil minne kommunen om. Dei fortel om folk som annonserer på lokalbutikken Bellingen fordi dei ønskjer å busette seg på Sæbø. Det vert også satsa stort på utbygging, mellom anna med eit leilegheitskompleks med 16 leilegheiter. Dei har tru på at veksten vil halde fram for bygda deira, også grunna den siste tids satsing på turisme.

– Men skal vi vere ein attraktiv stad å bu, er barnehageplassar i mange tilfelle avgjerande.

Møre-Nytt kjenner til at ei barnefamilie som ville flytte til Øye, hamna i Ålesund i staden for, fordi dei ikkje fekk plass i barnehagen på Sæbø.

– Det er kjempetrist. Det er synd om vi misser tilflyttarar på grunn av mangel på barnehageplassar. Vi har også mange gardar i området, og om nokon ønskjer å ta over gardsdrifta, må her vere barnehageplassar. Vi ønskjer ei satsting på Sæbø barnehage som gjer at der vert plass til fleire. Vi har fått høyre at mykje løyser seg om eit par år, fordi mange då går ut av barnehagen for å byrje på skule, men det er ikkje framtidsretta om utviklinga vi ser no held fram, meiner foreldra.

Dei rosar styrar i Sæbø barnehage, Karen Rekkedal, fordi dei ser at ho jobbar for å finne ei løysing, også for dei.

– Det er jo eit luksusproblem at barnehagen er full. Og det er i alle fall ikkje utearealet det knip om, det er berre å sjå ut for å sjå for eit flott boltreområde vi har. Det er klart at vi ønskjer plass her. Sæbø barnehage er fantastisk bra. Alle som har ungane sine der er svært nøgde. Dei får oppleve mykje i eit fantastisk nærområde. Dette ønskjer vi også å gi til desse fem små og til alle andre som ønskjer å busette seg her. Det er vel dessutan ikkje utenkeleg at vi får fleire barn sjølve heller, humrar foreldra.

Prøver å finne løysing

Styrar i Sæbø barnehage, Karen Rekkedal, stadfestar at ho har vore i kontakt med foreldra til alle fem barna.

– Vi er kjempeglade for alle som bur og som ønskjer å bu på Sæbø. Her er mykje liv og røre, og sjølvsagt skulle vi hatt plass til alle som ønskjer å gå i barnehagen vår. Dessverre er det ikkje slik akkurat no. Men i år er det heilt spesielt, med eit veldig, veldig lite kull som går ut for å byrje på skule. Dermed er det få nye som får plass til hausten, seier ho.

Det er likevel eit lite håp for at dei skal klare å finne ei løysing for dei fem på venteliste.

– Saman med seksjonssjef barnehage, Reidun Mo, ser vi på om vi kan finne alternative løysingar for barna, her på Sæbø. Det har alle foreldra stilt seg positive til. Det er då snakk om å sjå om vi kan finne alternative lokale som stettar dei krava som er til å drive ein barnehage. Om dette kjem på plass må vi sjå på økonomien. Det kostar å drive barnehage.