Høgskulen i Volda og Volda og Ørsta kommunar er klare til å ta i mot Språkrådet om det blir utflytting.

– Vi vil legge tilhøva godt til rette for Språkrådet, både fagleg og på andre måtar seier ordførar Stein Aam i Ørsta, ordførar Jørgen Amdam i Volda og rektor for Høgskulen i Volda Johann Roppen.

Språkrådet står på lista over statlege institusjonar som kan vere aktuelle å flytte ut frå Oslo, og Volda/Ørsta melder seg no på som ein av stadene som ønskjer Språkrådet velkomne. Tidlegare har også Bergen meldt seg på i denne konkurransen.

– Vi har fleire tenlege kontorlokale for dei ca 35 tilsette i Språkrådet og det er mange attraktive bustader i Volda/Ørsta og i pendleavstand i regionen, seier ordførarane og rektoren som også framhevar god livskvalitet og lange kulturelle og språklege tradisjonar.

Det språklege fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Aasentunet i Hovdebygda i Ørsta kommune tel ca. 40 personar.

– Vi er defintivt ikkje det største språkmiljøet i landet, men samtidig ville vi kunne gje Språkrådet meir støtte og betre tilrettelegging fordi Språkrådet ville verte ein svært viktig arbeidsplass i regionen, seier ordførar Stein Aam, Jørgen Amdam og rektor Johann Roppen.