Saman med Gaularfjellet–Utsikten og Nedre Røssåga kraftverk var E6 Frya-Sjoa nominert til prisen Årets anlegg, skriv bygg.no. Utdelinga skjedde under årets Byggegalla i Oslo onsdag kveld, og prisen gjekk til vegutbygginga.

– E6 Frya-Sjoa er eit mønsterverdig eksempel på korleis eit stort inngrep, i eit kulturlandskap av nasjonal verdi, har underordna og tilpassa seg landskapet. Nye E6 smyg seg gjennom landskapet på ein måte som om den alltid har lege der. 33 kilometer veg med tunnelar og brukonstruksjonar med framifrå ingeniørkunst og arkitektur av vår tid. Prosjektet har stor samfunnsnytte og imponerer med solid og omsorgsfull gjennomføring særprega av tillit og samhandling mellom aktørane. Resultatet er blitt ein miljøtilpassa, trafikksikker og vakker veg som tek både naboane til vegen og trafikantane på alvor. Eit vellykka prosjekt som til fulle tener sin hensikt, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Aurstad AS, saman med Implenia, har vore hovudentreprenør for den 15 kilometer lange Vinstra-Sjoa på vegner av byggherre Statens vegvesen. AF Anlegg har vore hovudentreprenør for den 18 kilometer lange strekningen Frya-Vinstra. Begge kontraktane har bestått av bygging av ein lang tunnel, ei stor bru og cirka 30 små og store konstruksjonar.

– Som ein av hovudentreprenørane på prosjektet er vi glade og stolte, seier Per Kristian Langlo, administrerande direktør i Aurstad AS til Sunnmørsposten.

Gunnar Jan Valde og Jan Reite var på plass i Oslo, og tok imot prisen på vegner av Aurstad AS.

– Det var fleire gode kandidatar til å vinne prisen Årets Anlegg i 2016 og det var ikkje enkelt å kåre vinnaren. Ut frå ei heilskapsvurdering konkluderte juryen med at E6-prosjektet er ein verdig vinnar, seier juryleiar Arne Skjelle.