Tre fleire gardar i Volda, og ein færre i Ørsta

Årsmeldinga frå Landbrukskontoret Ørsta Volda viser at det var 176 bruk i drift i Ørsta ved utgangen av 2016, og 104 bruk i drift i Volda.

Dette er ein nedgang på eitt bruk i Ørsta, og ein oppgang på tre bruk i Volda.

På tilskotssida vart det fordelt 40,4 mill. kroner i tilskot til bruk i Ørsta og 19,5 mill. kroner til bruk i Volda. Dette er ein liten nedgang på 2014 og 2015, melder landbrukskontoret.

Det vart fatta eitt vedtak om nydyrking av areal i kvar av kommunane i 2016. Dette utgjorde til saman 49,7 daa.

Fem kvoteeigarar melde kvoten inn for sal i Ørsta og Volda i 2016. Alle desse har leigd ut kvoten, og vel no sal framfor vidare utleige. Det meste vart kjøpt opp av produsentar i distriktet. Det var 33 produsentar som kjøpte kvote frå staten i 2016, og totalt sett minka produksjonsramma seg til.

– Marknaden for sal og leige av mjølkekvote har stramma seg til og det er vanskelegare å få tak i kvote for dei som ønskjer å utvide produksjonen, skriv landbrukskontoret.

Til saman er det no 92 aktive kvotar for kumjølk i Ørsta og Volda, på til saman 14.401.316 liter. Det vart levert om lag 90 prosent av dette i 2016. Det er sju aktive geitemjølkkvotar, på til saman 606.934 liter. Også her var det 90 prosent levering.

Det vart sendt inn ti søknader til Innovasjon Norge om finansiering av fornying av driftsutstyret i Ørsta og Volda i 2016. Dette fordelar seg på fire mjølkebruk, tre sauebruk og tre ammekyrbruk. Dei fleste av desse blir innvilga, men nokre får avslag på grunn av manglande midlar.

– Rekruttering og fornying av driftsapparatet er viktig for utviklinga i landbruksnæringa.

Ørsta

I Ørsta held talet på husdyr seg noko lunde stabilt innanfor dei store gruppene: storfe, sau, geit, gris og høns.

Dei områda der det er betydeleg endring i tala, går dei opp, ikkje ned. Til dømes går talet på smågriser ved teljinga opp frå 1.088 til 1.245 frå 2015 til 2016.

Den mest vesentlege nedgangen i talet på dyr i landbruket i Ørsta er innanfor pelsdyrhaldet. Talet på minktisper gjekk ned frå 1.620 til 1.320, og talet på revetisper gjekk ned frå 771 til 676.

Det dyrka arealet i Ørsta hadde ein liten nedgang i 2016. Det var 33.520 dekar jordbruksareal i drift ved utgangen av 2016, mot 33.967 i 2015. Nedgangen er jamt fordelt på fulldyrka jord og innmarksbeite.

Ørsta kommune omdisponerte til saman 8.9 dekar dyrka jord i 2016, og 9,8 dekar dyrkbar jord.

Volda

Også i Volda held talet på dyr seg stabilt. Verdt å merke seg er ein oppgang i talet på mjølkegeiter frå 563 til 648. Samtidig går talet på bukkar, ungdyr og kje litt ned.

Jordbruksarealet i Volda har ein marginal nedgang frå 15.432 dekar til 15.145 dekar.

Det var nesten ingen omdisponering av jordbruksareal i Volda i 2016. Berre 0,8 dekar dyrka jord vart omdisponert.