Stein Aam, ordførar i Ørsta, er høgt oppe etter å ha delteke på sitt fyrste Senterparti-landsmøte i helga. Frå torsdag til og med søndag var han med på både dei formelle og uformelle forhandlingane som er på eit landsmøte, og var med på å ta stilling til over seks hundre forslag i partiprogrammet.

– Det var nyttig å få vere med på eit landsmøte. Eg fekk knytt kontaktar og alliansar, og er overtydd om at vi skal få til ei politikkendring etter at vi vinn valet og kjem i regjering til hausten, seier ein optimistisk Aam.

Han hadde sjølv eit av hovudinnlegga frå Møre og Romsdal-delegasjonen under landsmøtet.

– Temaet mitt var kommunereforma og tvangssamanslåingar. Eg peika på at det i ei sentraliseringstid er viktig at vi greier å stå samla regionalt i kampen med stadig større bykonsentrasjonar. Det gjer vi med interkommunalt samarbeid. Eg viste også til Haram kommune som risikerer å verte slått saman med Ålesund med tvang, sjølv om kommunen er velfungerande, seier Aam.

Med på landsmøtet var andrekandidat Geir Inge Lien. Ordføraren i Vestnes vil satse på ein valkamp der kamp mot sentralisering vil vere hovudbodskapen.

– Fordi det handlar om å sjå folket, og ha nærleik til tenestene, om det er politiet eller ein vidaregåande skule som i Ørsta, seier Lien.

Han peikar spesielt på kampen for Forsvaret, og at heimevernstenestene skal bestå, både til lands og til sjøs.

– Det handlar om kampen for HV11 og kampen for Sjøheimevernet. Dette er einingar der nærleiken er viktig. Det er viktig å ha soldatar i beredskap som kjenner lokale forhold, og som raskt kan medverke i ein krisesituasjon, jamfør tryggleik rundt oljeinstallasjonar langs kysten vår, seier Lien.

Han og Aam er samde om at landsmøtet i Trondheim vart ei stor oppleving.

– Det er ein stor giv i partiet no, der vi på kort tid har gått frå fem-seks prosent på meiningsmålingane og til elleve-tolv prosent. Sjølv har eg ikkje opplevd ein slik giv i partiet sidan 1994, seier Aam.

Han opplevde altså ei god stemning på landsmøtet, og særleg landsmøtefesten laurdag kveld vart ei stor oppleving.

– Det vart delt ut æresprisar til Johan J. Jacobsen, Anne Enger og Johan Buttedal, og det var vel fortent, og det vart ganske så god stemning i heile lokalet, fortel Aam.

Han og Lien er budde på ein tøff valkamp, og der målet altså er å sikre to mandat frå Møre og Romsdal. Per dato har Senterpartiet eitt mandat, Jenny Klinge frå Surnadal. Ho er fyrstekandidat til hausten, med Lien på andreplass. Valet vil Senterpartiet vinne med det Aam og Lien meiner er gode saker.

Søndag vart over seks hundre forslag til partiprogrammet handsama, og Aam er nøgd med fleire av vedtaka til programpostar. Landsmøtet vedtok mellom anna at Politidirektoratet skal leggjast ned, at løyvingane til Forsvaret skal aukast til å utgjere to prosent av BNP, at Heimevernet skal aukast til å ha 50.000 soldatar, og at Posten sitt monopol på laurdagsombering og brev på under 50 gram skal gjenninnførast. Senterpartiet ynskjer også ei framtidig folkerøysting om EØS-avtalen.

Aam og Lien er klare over at dersom Sp skal i regjering, må det skje i eit eller anna samarbeid med Arbeidarpartiet.

– Vi opplever at medlemmene og veljarane til Arbeidarpartiet er langt meir på line med Sp i saker som gjeld sentralisering, og trur vi skal finne ein god plattform, seier Lien.

Delegasjon: Odd Helge Gagnstad, Tove Hennøen, Geir Inge Lien (i midten, Gerda Tollås og Stein Aam (t.h) var med i Sp-delegasjonen.