NVE stadfesta tidlegare i mars Mørenett sin søknad om å få fritak frå leveringsplikta av straum til Raudøya. Mørenett har rekna ut at det vil koste om lag 1,4 millionar kroner å gje Raudøya ny straumforsyning etter at den eksisterande kabelen har kollapsa. Ørsta kommune sin del av dette vert 500.000 kroner. Kommunen har sagt til NVE at dei ikkje ser at kommunen sitt behov for straum kan forsvare eit bidrag på denne storleiken.

Ordførar Stein Aam (Sp) orienterte i formannskapet om at grunneigarane vil prøve å finansiere kabelen privat om der ikkje er andre løysingar.

– Det er trist for aktiviteten på øya om dette ikkje går i orden. Først og fremst for ungdomane som har eit skuletilbod der. Eg vil oppmode formannskapet om å gi administrasjonen fullmakt til å sjå på saka og eventuelt kome med ein anke, sa Aam.

Gunnar Knutsen (V) meiner saka er prinsipielt viktig.

– Vi kan risikere å få slike problemstillingar fleire gongar. Om det skulle vere på Skår eller Trandal eller andre mindre stadar. Vi treng å meine noko om dette. Det handlar ikkje berre om talet på folk som er der, men at det faktisk er nokre som har leveringsplikt og sit på ei oppgåve. Å frikjenne dei for ansvaret utan vidare vert feil.

– Det er viktig at Ørsta kommune tek ansvar. Særleg for ungdomane som har undervisning på Raudøya. Det er eit kjempeviktig alternativ til teoretiske fag, sa Karen Høydal (Ap).

Formannskapet gjekk samrøystes inn for Aam si tilråding.