Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale vil framleis ha Stortingetmed seg på å oppheve mottaksplikta Tine-meieria har for geitemjølk.Men nye tal gjer at landbruksministeren går langt i å seie at hankanskje ikkje vil effektuere vedtaket.

Det var under eit gardsbesøkhos geitebonde Hogne Humberset i Hjartåbygda i Volda at Dale kommed denne nyhenda.

Dale var onsdag på ei rundreise i Nordfjord ogpå Sunnmøre for å sjå nærmare på norsk matproduksjon, både hosprimærleddet, bøndene, og i sekundærleddet, matvareindustrien.

HosHogne Humberset vart Dale møtt med kritikk på at han ilandbruksmeldinga har foreslått å oppheve Tine si mottaksplikt forgeitemjølk. I staden vil Dale ha ei ordning der staten aktivt gårinn og kjøper opp mjølkekvoter geitebønder har for å skape balansei marknaden.

Ikkje balanse

- I dag er det tjue prosent av geitemjølka som ikkjegår til menneskemat. Det er ikkje balanse i marknaden, og detforeslår vi å gjere noko med i landbruksmeldinga, sa Dale.

Mengeitebøndene, og blant dei Humberset, protesterer. - Dale sine taler feil. Dei aller siste opplysningane frå Tine seier at vi vilkome i balanse mellom produksjon og etterspørsel i løpet av 2017.Då er det ikkje behov for å vedta forslaget til Dale ilandbruksmeldinga, sa Humberset.

Han forklarte at alle geitebønderstiler seg solidariske bak dette kravet, som vil føre til at deigeitebøndene som ligg lengst unna eit meieri, vil kunne kome til åmåtte leggje ned med å selje kvota si til staten.

Overflødig

Dale presiserteat dei tala han presenterte, er dei siste offisielle.

- Men viserdet seg at nyare tal seier at det er balanse i marknaden, då er detikkje noko som gler meg meir enn det. Og som gjer kvotekjøpoverflødig, sa Dale.

Overfor Møre-Nytt presiserer Dale at hanynskjer å få forslaget om oppheving av mottaksplikta gjennomført.

-Men dersom desse nye tala stemmer om balanse i marknaden, vil ikkjelandbruksdepartementet nytte seg av retten til å kjøpe opp kvotar.Når eg likevel vil ha forslaget gjennomført, er det fordi dette erein nyttig reiskap, seier Dale.