– Det er fem seriøse tilbydarar vi har fått, så dette er svært spennande. No skal vi gjere ei kvalitetsrekning for å sjå kven vi ønskjer skal bygge fleirbrukshallen. Så mykje meir kan eg ikkje seie, anna enn at prisen var forbausande nær mellom tilbydarane, informerte ein svært nøgd ordførar Stein Aam (Sp) i formannskapet tysdag.

Kommunen har allereie sett av 145 millionar kroner i åra framover til fleirbrukshallen på Utstillingsplassen. Totaltsummen skal vere på rundt 150 millionar kroner. Noko av finansieringa skal kome gjennom spelemidlar, ein søknad kommunen har fått godkjent. Her kan kommunen få inn 28,7 millionar kroner.

Den planlagde hallen vert ein trippel storhall med ei takhøgde på 9,5 meter og eit bruttoareal på om lag 8.050 kvm. Hallen får tre speleflater fordelt på 3.700 kvm. Speleflatene er på 20x40 meter. Dei tre spelelatene kan igjen verte delt opp i to baner med hev/seink veggar. Då vert det totalt seks speleflater a 20x20 meter.

– Det er tydeleg at det er gjort ein grundig jobb av eigedomsavdelinga vår når det gjeld planlegginga av denne hallen. Det ser vi på tilboda vi har fått - som ligg nært til det vi sjølve såg føre oss. Med det same dette er kvalitetsrekna og godkjent, kan vi skrive under kontrakt. Om ei god veke vil vi vite meir, sa stabssjef Eldar Øye.

– Dette viser at det er gjort ein nøyaktig og god jobb, og at vi har vore edruelege om kva dette skal vere. Så håper eg at det vert eit godt og teneleg anleg den dagen det kjem, men det ser veldig bra ut til no, rosa Gunnar Knutsen (V).

– Timinga i marknaden er glimrande. Det er mange som vil ha dette prosjektet. Det er behov for arbeid. Vi har treft planken godt. Når vi først skal bygge dyrt, så kunne vi ikkje ha gjort det på eit gunstigare tidspunkt, sa Per Are Sørheim (H).

Planlagt byggestart er sommar 2017. Administrasjonen har tru på at dei skal klare å halde tidsskjemaet. Det er mål om ferdigstilling i november 2018.

– At vi har fått spelemiddelsøknaden godkjent er ei tillitserklæring til prosjektet, og med dette kan vi starte bygginga av hallen, så snart vi sjølve klarer å få det til. No er det i våre hender. Spelemiddelprosessen er i seg sjølv ei kvalitetssikring. Kommunen er ein god og verdig søkjar, og dette vil føre fram til ei løysing som vi kan vere stolte av i denne kommunestyreperioden, sa Jostein O. Mo (Ap).

– Om det ikkje kjem kjelkar i vegen, tek vi sikte på å handsame dette i kommunestyret 27. april, sa Stein Aam.