Selskapet Prosjektbygg AS, som vann anbodskonkurransen om oppgraderinga av huset, har stemna Volda kommune for Søre Sunnmøre tingrett med krav om erstatning etter avlysinga av anbodskonkurransen. Det skriv Sunnmørsposten.

Prosjektet vart avlyst fordi det viste seg at det ikkje er mogleg å gjennomføre oppgraderinga samtidig med at huset er i bruk. Kommunen vil i staden gjennomføre det etter at det nye mediebygget i Volda er fullført.

Ordførar Jørgen Amdam seier til Sunnmørsposten at dei meiner at dei har sitt på det tørre.